- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
34

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

galdt det; Stundi var komi. Men Frøken Ragna var
ikkje som andre ...

Ragna hjelpte honom. «Han hev so mange Paafund,
Bror min,» sagde ho. «Denne Gro er ei gamal
Hus-mannskjering, som ikkje just hev noko godt Ord paa
seg; men ho er god til aa fortelja Eventyr, og det er
Hans glad i. Han skriv dei upp og meiner at dei
inneheld all Verdsens Visdom. Det er meir Filosofi i eit
einaste Eventyr enn i heile Monrads Kompendium,
seg jer han.» — Hauk fylgde ikkje heilt med i det ho
sagde; men han svara paa eit Raam: «Romantik,
Frøken! Det er ingin som trur paa slikt meir.» «Nei,
det vil eg tru,» sagde ho. No maatte Hauk freiste aa
halde Samrøda i Gang, og so dreiv han paa som det
kunde falle. «Det hev vori drivi Avgudsdyrking med
desse ’folkelege’ Ting,» sagde han. «Naar alt kjem ihop,
so er desse gamle Greidur berre lægre Formir av det,
som sidan hev vaksi seg meir fram og klaarna seg meir
av, og som me no kallar Kultur. Det folkelege hev
historisk Forvitinskap, liksom naar ein studerar
ut-døydde Dyreslag; men aa vilja reise det ’folkelege’ til
Liv att no er som aa vilja vekkje uppatt Mammutdyre
og Mastodonten. Me maa liva paa dei Vilkaar som Tidi
byd oss. Og Live er ikkje laakare no. Det er mindre
stort — kann vera! men det er finare, klaarare, rikare.
Ein Elskar i vaar Tid drep ingin Drake, og fér ikkje til
Nedreheimen og krev Gamle-Erik etter Skatten; men
hans Kjærleik er likevel meir verd enn denne gamle ...
Held De av dei gamle Tidir, Frøken?» — «Nei,» sagde
ho fast; ho forstod at han ikkje heldt av deim. Men
ho vart raud i det same —: «ja det vil segja ...» sagde
ho. «De held av dei store Kjempur,» sagde Hauk med
ein Smil. Ragna hadde lika dei store Kjempur; men
no kunde ho sjølv ikkje forstaa det. «Ja ja,» sagde han;

34

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free