Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«det er naturlegt. Det store dreg. Og paa Fraastand
kann det sjaa vent ut. Men tak ein av desse
Riddars-menn slik som dei var, — og eg vaagar at De likso lite
vil like honom som eg vilde like Dronningi av Saba.»
Ragna tagde. Hauk heldt fram; no kunde han vel
snart koma inn på det han vilde tala um. «Det er i
vaar eigi Tid,» sagde han, «at me lyt sjaa oss um etter
vaare Mynster, liksom det er i vaar eigi Tid me liver.
Det er vaar eigi Tid som krev vaar Kjærleik, av di det
er den som krev vaart Arbeid. Den som elskar maa
arbeide, den som arbeider hev Rett til aa elske... De
skynar meg visst ikkje?» — «Knapt nok,» svara Ragna.
Dei saag Prestegarden eit Stykke framme; Hauk
kvakk: No eller aldri! tenkte han. «Ser De, Frøken,»
tok han i; Mæle vart ustødt; «ser De, Frøken, eg er ein
slik Mann som hev sett meg fyri aa arbeide, og
arbeide paa dei Vilkaar som Tidi byd... Det er harde
Vilkaar, helst her hjaa oss. Ingin Mann held ut, naar
han ikkje hev Studning og Styrkjing i heil, ærleg
Kjærleik» ... Ragna vart rædd, glad, ør; ho skalv for at det
skulde koma som ho helst i Verdi vilde høyre... skalv
og bøygde av. «Vilkaari er visst ikkje lette,» sagde ho
med tilgjord Ro; — «alle seg jer at Tidi er vond; Trui
er i Nedfall; her er Strid og Uro i alt; so høyrer eg
dei segjer... og det er sant, veit eg ?»
Hauk kvakk upp som han hadde sét ein stupande
Avgrunn gapa fram nedfor Føtane sine. Dette hadde
han ikkje tenkt paa!
Kvar i Verdi hadde han havt sine Tankar ? Kor kunde
han, med sine Meiningar, vilja gifte seg med ei
Preste-dotter? Kva Rett hadde han, Kjættaren, til aa draga
denne Gjenta inn i sin Strid? Og kva vilde han med
ei Kone som ikkje forstod Tankane hans, ja som livde i
Rædsle og Hat mot det han heldt for sant?
35
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>