- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
159

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Det var Signe som var ute; i Grunnen tenkte
Baard paa henne mest. Ho var av hans eigne; og det
fylgde liksom meir godt med henne. Gunhild var av
framandt Folk og noko for seg sjølv. Dei Rødune som
gjekk um Mor hennar vilde au liksom fylgje henne; og
dei var ikkje hugsame aa minnast. Baard gav seg i Lag
med Signe og hennar Folk att meir og meir. Soleis gjekk
det eit Aars Tid; og Folk tok til aa tala um Baard og
Signe. Dette Drøse naadde alt upp i Futegarden.

Gunhild vart so harm at ho grét. Skulde denne blaute
Lid-Gjenta vinne paa henne ? Aldri i Verdi. Baard vilde
ho hava; ingin skulde meinke henne i det. Minst av alt
slik ei Bonde-Krøkje! At Baard lika henne, visste ho.
Han trudde kje han kunde faa henne; difor heldt han
seg til Signe; men no skulde han faa andre Tankar; og
daa skulde det bli annan Dans.

Faa Tak paa Baard var ikkje lett; i dei Lagi han
gjekk kunde ho ikke no koma. Men sistpaa fann ho ein
Maate likevel. Under ei Bjørk i Skogbryne sat ho ei
Kveldingsstund og tenkte ut dette; og ho lo med seg
sjølv; Leik skulde dette bli; Skoghuldr vilde ho vera!

Soli var aat aa glada; Skuggar lagdest yvi Lid og
Fjord. Djupt inne millom Aasane gjekk ein Lur; elles
var det stilt. Fuglane søkte aat Reiri; Mye dansa i dei
siste Solgeislune. Gunhild reis upp. Ho saag utyvi Dalen
med lysande Augo; smilte til tvo Trastar som kom
flju-gande; slo med ein Lauvkvist etter Mye; sette so i og

song og gav seg paa Heimveg.

*



Sundagen etter gjekk ho til Kyrkja.

Det var slik ein fin Dag; Baard kom, det var ho trygg
paa. Sjølv var ho tidleg ute. Ho sette seg soleis i
Kyrkja at ho visste Baard maatte sjaa henne; og i sine

159

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free