- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
206

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Um Natti sat dei uppe og vakte. Gunhild hadde Feber
og var uroleg. Ut-yvi Midnatt vart ho verre og tok til
aa ørske. Ingin av dei unge fekk Meining i det ho sagde;
men at ho hadde noko paa seg, det skyna dei. Det var
underlegt for desse tvo glade Ungdomane aa koma fraa
Bryllaupsstaak og Elsk og inn i ei Sjukestogu; men
endaa fælare vart det ved dei gaatefulle Ordi som her
kom deim til Møtes som ei Maning um aa hava Mistru
til all jordisk Sæle. Rett som det var kviskra Anna:
«det er deg, ho talar um.» Og den unge Kona vart bleik
som Bast. Baard lydde etter:

«— — Eg segjer deg, Baard... du skal tru meg!
spyrr ikkje! spyrr ikkje. Kann du tenkje slikt um di

eigi Mor ?–Nei, nei... slikt hender ikkje ... slikt

— nei.» Jamring og Uro. «Kva i Jesu Namn kann det
vera,» sagde Baard. Anna stirde uroleg paa han. Um
ei Stund kom det som eit Skrik:

«Gakk til Presten, segjer eg! — den unge Presten;
han er sterk. Um tie Dagar er det slutt... daa — daa
—.» Den sjuke tok til aa skjelve og prøvde aa reise seg:
«gakk til Presten! høyrer du?» Ho seig paa nytt av i
lang, uroleg Jamring.

Anna saag paa Baard; han var likso bleik som ho.
«Kva kann det vera?» kviskra Anna. Han riste paa
Hovude. Anna kom og sette seg paa Fange hans og
klengde seg tett inn til han. «Eg vert so rædd,» jamra
ho stilt. «Det kann ikkje vera noko,» svara han uroleg.

Sidan kom den sjuke med meir um det same. Dei
sat og lydde og kunde høyre Hjarto aat kvarandre slaa.
Anna drog seg fastare inn aat Mannen sin, liksom eit
Barn som fæler. Baard tenkte med seg: denne Kona
kann vita meir enn nokon trur. Ho ser ut til aa kunna
hava Synir! «Gakk til Presten... um tie Dagar er det
slutt» ... Skulde han døy? Visste ho at han skulde døy?

206

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0208.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free