- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
207

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Var det det som gjorde henne sjuk i Staden for glad,
no daa ho fekk sjaa att Son sin? — Nei, nei, nei. Der
var ikkje Mening i slikt. Det var Tull. Sjuke Draumar.
Ingin kunde bry seg um slikt. Og han, ein ung frisk
Kar; Snakk. Ho var sjuk, ho Mor stakkar.

Gunhild vart rolegare. Utpaa Morgonen sovna ho.

Dei unge tok seg Vonir av dette.

*



Men ho sov ikkje rolegt. Um ein Times Tid vakna
ho med eit sterkt Skrik, flaug halvt upp og var reint
som fraa seg.

Anna kasta seg inn til henne og trøysta og bad, grét
og trøysta og bad henne vera roleg; dei var hjaa henne
baae tvo. Baard vart støkkt; tvo so fortryllte og
forskræmde Augo hadde han aldri sét, som dei Mor hans
no sette paa han. Det var det reine stirande Vanvit.
Endeleg var det daa som dei løyste seg. Dei drog seg
ihop og fekk Feste. «Er du der?» stunde ho. «Ja Mor;
ver ikkje rædd for meg,» sagde Baard. Ho strauk seg
yvi Augo, riste paa Hovude, seig ned paa Puta att og
kom i svær Graat. Anna sat og strauk henne kjælande
med Handi yvi Haar og Kinn og grét med henne. «Sov,
sov;- me skal vaka,» bad ho. Gunhild grét meir; det var
som ho tinte under denne Kjærleiken og under dette
mjuke, varme Mæle. Ho grét seg trøytt og sovna paa
nytt; og daa fekk ho ein god Svevn.

Ut paa Ettermiddagen sat ho uppe. Baard vilde ho
ikkje hava inn; men ho totte ho hadde godt av aa hava
Anna hjaa seg. Ho sat og klappa og strauk henne som
eit kjært Barn og vart liksom rolegare ved det.

Skulde ho segja henne si Naud? Nei nei; det
stakkars Barne, ho vilde bli vitskræmd, røme fraa henne
som fraa ei Trollkjering ...

207

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0209.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free