- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
248

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

glad. Glad, glad. For ho elska han! ho, den vesle snilde
Gjentungen, ho elska han; — uff; han var ein Kjeltring.

Nei visst var han ei. Han hadde ikkje forført henne.
Det kom av seg sjølv; det kom som ei Ulykke. Som
Stormen; ingin veit kvar han kjem fra, og ingin veit
kvar han gjeng. Ho vart so søt; altfor-altfor-altfor søt;
han gløymde at han var sedeleg, gløymde alt; saag berre
henne, henne, hugtakande, forlokkande, med ein Smil so
søt og so syndig; og ljose Augo i vaat Glans; han saag
det gjenom ei Skodde; gjenom ein Rus; han visste ikkje
at Kjærleiken var so sterk; ingin visste det no; dei tala
og skreiv om aandeleg Kjærleik; og sedeleg Kjærleik,
og usedeleg Kjærleik, og Sjukdom, og Satansmagt; men
ingin visste noko um Kjærleik! for den var korkje
sedeleg eller usedeleg, men sterkare enn Dauden. Og no
hadde han misst henne. Ho hadde ikkje sagt nokon
Ting; ikkje eit Ord; slo ikkje upp Augo dessmeir; berre
gjekk sin Veg, bleik, forskræmd... ho var vond; han
visste det. Ho vilde segja det til Foreldri sine. Dei
vilde krevja at han skulde gifte seg med henne; det
vart Skandale; det kom til Byen; og naar ikkje han
kunde gifte seg med henne, so vilde ho døy, eller
koma paa Gaustad, eller glide ned i Styggedom...; aa,
for ein Skarv han var. Og Samvite hans svidde som
eit Brandsaar.

Men under alt dette var han glad. Han trudde ikkje
eit Ord av alt det fæle han maala upp for seg. Han
visste at ho elska han, og... ja det var ved Gud
altfor uforsvarlegt.

— So viste det seg at ho ikkje var vond. Han raaka
henne uventande paa Vegen ein Dag; ho vart raud og
han bleik; so sagde dei Goddag og rødde nokre Ord;
um der var Meining i deim hugsa ikkje Carlstad. Med
ein Gong hadde han henne i Handi og gav seg til aa

248

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0250.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free