Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ein Mann, noko-lite graa og turr, men vyrdsleg og
velviljug, tydeleg ein av dei som her hadde noko aa
segja, viste seg paa Talarstolen daa Verse var utsongi
og sagde, at no vilde me paa denne Høgtidsdag gjera
oss til godes, ikkje berre med Guds aandelege Gaavur,
endaa desse sjølvsagt var dei fremste og fornæmaste,
men og med dei timelege, dei som han hadde gjevi oss
til Næring og Upphald aat Likamen. Den blide graae
Mannen lagde ihop Hendane og heldt Bøn. I Trumaals
Lag bad han Gud um fyrst aa mata Sjæline vaare med
Livsens Brød, og so um aa signe desse jordiske Gaavune
so, at me av deim kunde hava sann Nytte; maatte me
endeleg faa Naade til aa njote desse hans Gaavur i
Jesu Namn.
«Ver so god, kjære unge Vénir!»
Dei tvo Samanstimingane tok smaatt um Senn til aa
løyse seg upp og skifte seg ut rundt det store Borde.
Kvar for seg leitte seg ut sine Skivur og slo i sitt Glas
Mjølk; drog seg so ifraa og gav Rom aat andre. Der
vart Rørsle; det var ei Stund at der mest var Liv.
Eg var ikkje Lagsmann, men raadde meg til ei
Turft-ing Mat og Mjølk likevel; for eg var svoltin. Og Maten
smaka godt. Der var noko reint makalaust uppskori
Kjøt; og Mjølki var framifraa.
Den aahugsfulle Stilla seig yvi oss att smaatt um
Senn; snart stod me rundt Borde og togg tagalle. Eg
undrast noko paa, kva det vilde segja i Grunnen: aa eta
i Jesu Namn. Presten Hermansen gjorde ender og daa
Tiltak med kristeleg Moro.
Daa eg var ferdug saag eg paa Klokka. Store Gud!
ho var ikkje fullt seks. Ein forvillande Tanke tok meg:
um dei kunde gjera seg ferduge her paa ein Times Tid
til! med det vigtigaste, um ikkje meir! Teatre skulde
eg naa paa tie, ja um det kneip hardt, paa fem Mi-
290
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>