Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
nuttar; Herre min Gud, um dei vilde skunde seg! — Ja
for so kunde eg endaa ein Gong tenkje yvi korleis eg
best skulde koma innpaa den rette Vegen ...
Me drog oss ihop att i dei tvo Flokkane; og det kom
ei Takkebøn for Maten. Nordraaks Menuett vakna for
Øyro mine att og tok paa nytt til aa vogge og bylgje.
Eg skimta Maria Stuart kvit og fager; og der lyste Sol
naar ho slo Augo upp, og fall Skugge, naar ho slo deim
ned. Og so var det Møte med David Rizzio; aa! som ho
var megtig i si Verjeløyse! Verre enn Satan maatte
dei vera, desse fæle svarte Puritanarar og Protestantar,
som ikkje visste andre Tonar enn Salmar og ikkje andre
Stadir enn Gravir ...
«... Lader os frydes, lader os frydes,
frydes, frydes,
ja lader os fry–-des
i Herren! ...»
jubla Song-Lage; det var eit Bibelord som var sett Tone
paa. Eg kunde ikkje skyna kvi dei skulde syngje det
same upp-att so mange Gongir; det hadde vori likso
vent um det hadde vori stuttare. Likevel vart dei
ferduge; og so kom det ei Togn.
Slutningsbøni ? — vona eg med Tvil i Hugen.
Men Presten Hermansen viste seg pa Talarstolen og
sagde at Orde var fritt. Daa gav eg upp all Von.
Sjølvsagt var det no, Festen skulde byrja.
Ungdomane her saag elles ikkje ut som dei visste
noko aa gjera med «Orde». Dei stod og saag tankelause
ut, synleg og tydeleg tankelause. Det var greidt, at
korkje han eller han vilde tala, og minst av alt
han...
Det vart drygt noko. Presten Hermansen forsikra paa
291
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>