- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
293

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han i sitt Einfelde faa Lov til aa framføre —; ja i
Grunnen vilde han berre fortelja ein litin Ting. Det var
ei liti Røynsle, kunde han segja; og han vilde ikkje
skjemmast for aa føre ho fram; for um det kunde
synast lite og taapelegt for den vise Verdi, so kunde det
hende at einkvan av dei kjære Vénine her kunde koma i
same Anfektelsen, og daa kunde dette som han no vilde
segja, verte deim til Trøyst eller — ja han kunde gjerne
segja Trøyst. Hm. Ja for det var ikkje anna enn ein
Djevelens Anfektelse. Det var ikkje anna. Hm. Heile
den siste Viko, men mest um Torsdagen og Fredagen, ja
kannhende det var aira verst no um Fredagen, — ja det
var Djevelen som hadde forfylgt ’n med den Freistingi,
at heile dette Stelle med dettane-herre Ungdoms-Lage,
og med Song-Lage, ja det var helst Song-Lage, — det var
berre i Grunnen noko verdslegt Væsen som drog burt
ifraa Gud, i Staden for aa draga til Gud. For her sysla
me ikkje berre med det som der stend um, at berre eitt
er fornødent; men me bekymra oss ogso um mange
Ting. Me heldt Avisur, som inneheldt mange Slags
Be-rettelser, og me hadde Bøkar i Bibliotheke som kanskje
nemnde Guds Namn og kanskje ikkje. Der var og mange
Foredrag her, som handla baade um det eine og det
andre; Reiseskildringar og dilikt; og me song
verdslege Songar som kanskje helst kunde uppmuntre til aa
elske Verdi og dei Ting som er i Verdi, so at Guds Vilje
ikkje fekk Framgang i oss. Hm. Ja. Han hadde vori reint
svært mødd av desse Tankane. Ja han hadde vori freista
so svært, og so hardt, at reint ut sagt —; ja no um
Fredagen hadde han beintfram tenkt paa aa segja fraa seg
baade Song-Lage og alt saman. Men daa det var paa det
aira verste no um Fredagen, so hadde han gjort som
han sedvanleg gjorde i slike Tilfelde. Han hadde gjengi
inn i sitt Sovekammers og bedi til Gud, regtigt inder-

19 — Garborg VII.

293

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0295.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free