Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
leg bedi til Gud um aa taka denne Freistingi fraa han,
so han kunde vita kva han skulde gjera og ikkje gjera i
denne Saki. Og daa hadde han vorti hjelpt: Herren hadde
vori so naadig at Skomakaren slapp ut av Anfektelsen.
So at um Laurdagen, ja i Gaar ja, var han mykje betre,
og i Dagmorgo reint bra. Og i Dag hadde han gjengi til
si Gjerning i dette Lage med Fred i sitt Hjarta og med
Takk til Gud, ja regtigt inderleg med Takk til Gud,
som ved sin Naade hadde upplati Augo hans i denne
Saki; og dette var det han no hadde vilja føre fram;
hm; han hadde tenkt at det kunde... ja det var no
berre domt av honom, her, der det var so mange Ordets
Mænd, ja Ordets Mænd vilde han segja...
Skomakaren gjekk seg fast i Talemaatar og
Orsakingar, men berga seg til sist inn i ei Bøn, som likevel vart
reint stutt. For han kunde ikkje finne paa meir enn tvo
Ting aa beda um, og dei var det bedi um fyrr: at me
maatte lære aa vedkjennast kor syndige me var, og at
Herren vilde vara dei unge mot den store Byen med dei
mange Freistingar og Faarar. So gjekk han ned og lét
Song-Lage røyste i med «Jesus din søde Forening at
smage». Det vilde ikkje rett klinge denne Gongen, totte
eg; Songarane var visst eit Grand brydde.
Det regnde ikkje lenger. Solglansen tok til aa vinne
seg inn gjenom Glasi att i høge smale Strimur, der
gull-blank Dumbe strøymde og dreiv; no maatte det vera
herlegt ute. — Kva Slag? Ikkje meir enn halv sju?
Kannhende dei endaa kunde bli ferduge?
Presten kom upp og spurde um det var fleire som
hadde noko aa bera fram; eg stod som paa Glødar. «Ver
so god!» lokka han venlegt og blidt. «De bør ikkje vera
bljuge! Skulde det ikkje vera ein i denne Forsamlingi
som hadde eit Ord aa segja oss? — ei Vedkjenning, ei
Uppkveikjing ... eller gjerne eitkvart anna ? noko um
294
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>