- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
9

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Endeleg sat eg i Vogni. Ho rulla nedyvi Boulevard
Hausmann so roleg som det ikkje skulde finnast
Hastverk i Verdi; men eg saag paa Klokka. Det var att tie
Minuttar. Til Nordbana var det ein Tur paa ein halv
Times Tid, tenkjer eg. Allez! allez! skreik eg til Kusken;
men eg visste det nytta ikkje. Eg gjorde meg som ei
halv Von um, at Klokka mi kunde vera for snar; men
det plar det Kulturprodukte aldri vera. Daa er ho
heller for sein; alt Fe er sin Herre likt, maa tru. Nei;
sist-paa fekk eg sjaa ei Byklokke som kunde segja meg
Sanningi; Tidi var ute. I denne same blanke Minutten
gjekk Træne til Antwerpen.

Eg naadde fram til Stasjonen ikring ti Minuttar for
seint. So var det ikkje anna aa gjera enn aa drygje til
Kvelds daa. Eg sette Tye fraa meg paa eit Vertshus
tett ved Stasjonen; slo paa meg noko tyskt 01 som
smaka rasande godt etter alt Mase; dreiv so ned gjenom
Gatune; vilde sjaa paa Paris endaa ein Gong, og so faa
meg noko til «Middag».

Og som eg gjekk der og dreiv Lauskar, kom eg i
Godlag att. Eg var ferdug med Paris. Alt var avgjort og
greidt; no kunde eg taka det maklegt. So tok eg det
maklegt; kveikte Snadda og totte Verdi var slettikkje
so verst vrang.

Kjenningane mine trudde meg langt fraa Paris no;
ingin hadde ein Draum um kvar eg vanka. Og naar
ein skulde sjaa rett paa Tingen, so var eg reist. Eg
gjekk berre her og spøkte; det galdt aa passe paa, naar
«Hanen gol»; daa fekk eg kverve burt so fort som
Raad var.

For siste Gongen dreiv eg nedyvi den store
Boulevarden; og fager var han, so han aldri hadde synst
meg fagrare.

Det er rart med det som ein fær soleis attpaa; ein er

9

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free