- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
10

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

meir takksam for det. Elles saag Boulevarden visst ut
som vanleg. Det var dei same endelause Straumar av
Folk under dei same endelause Lauvgangar, og det same
endelause, breide Elvedrag av Vognir som strøymde
paa med kvæv, roleg Rulling yvi den glatte Asfalten; og
so var det dei store Buine med all den Glans og
Rikdom, og Kaffistogune med Speglar og Forgylling og
hundra Gjestir under grønt Lauv, og so Avisgutane
som skvatt ikring og ropa og ropa kvar du snudde deg
og kvar du kom: les funerailles de Victor Hugo! Voila
la photographie de Victor Hugo! Voila le testament de
Victor Hugo! og Avisbuine som var tekte med Bilæte
av Victor Hugo, den gamle og den unge, den livande
og den daude; Byen var full av Victor Hugo, for den
Viko daa visst.

Ved Seks-Tidi smøygde eg meg ned Richelieugata; der
var slik ein god Mat-Stad. Og billeg: 6 Rettir Mat og
Va Flaske god Vin for 2V2 Frank (Kr. 1,80). Der sat
eg inni ein Hage og aat (og slo sund ein Kopp som eg
maatte betala). Sidan upp paa Boulevarden og drakk
Kaffi; so ein Cigar; og so upp-aa Take av ein Omnibus;
daa totte eg mest eg hadde det so godt som det lét seg
gjera aa faa det i Verdi. —

— Klokka 10,45 drog eg fraa Paris.

Naar ein Nordmann er ute og ferdast tenkjer han
som so: du finn alltid ein Baat som gjeng til Kristiania.
Men det finn han slett-ikkje alltid.

Millom Håvre og Kristiania kunde ein koma ein Gong
fjortande-kvar Dag, og millom Antwerpen og Kristiania
likso sjeldan. Men no var det so vel stelt og sløgt
uttenkt, at dei tvo Baatane gjekk nokorlunde samstundes.
Den eine Viko gjekk det daa tvo Baatar millom
Kristiania og den Kanten av Fastlande; den andre Viko gjekk

funerailles: Likferd.

10

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free