Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
det ingin. Og so kunde ein ikkje lite paa, at Baatane
gjekk etter Ruta heller.
Eg kom til Antwerpen den 3die Juni. Men der var
ingin Baat. Det var ein som skulde ha gjengi den 28de
Mai, men som eg visste ikkje hadde vori der daa; den
tenkte eg kunde vera komin. Men nei. Det gjekk ikkje
Baat herifraa til Kristiania fyrr den Ilte Juni. So lengi
var det ikkje Tanke um, aa drygje; eg fekk draga til
Amsterdam, og det strakst. Med Antwerpen-Utstellingi
fekk det vera som det kunde; eg fekk kikke paa
«Konsta» og dermed vera fornøgd.
Nei; so fekk eg vita at det gjekk ikkje Baat fraa
Amsterdam fyrr den 6te Juni. Kva kunde det so nytte
aa haste? Eg kunde likso godt liggje her som i
Amsterdam.
Det gjorde eg daa. Dei fekk segja kva dei vilde der
heime; eg kunde ikkje stiga lenger enn eg var klovin
kor som var. Taka Jarnvegen upp gjenom Danmark
hadde eg ikkje Raad til; og ikkje vilde eg heller, so
varmt som det no var.
Ja for du kann tru det var varmt. Kom ein ut paa
Gata, so laag Soli yvi Nakke og Akslir med ei Steikjing
og Gløding so ein knapt kunde halde seg uppe. Eg
gjekk og drog etter Anden som ein Fisk paa Land; eg
drakk Isvatn av alle Slag og undrast paa, um eg ikkje
snart fekk Solstyng. Uppi Utstellingi var det verst.
Eg sveita som ein Sil og kunde knapt halde uppe Augo.
Norig hadde fengi ein god Plass i Kunst-Deildi; og
dei som forstod seg paa det sagde at det svara Plassen
sin rett godt. Eg for min Part totte det var fint og gildt
mest alt ihop; det var Bilæte paa Bilæte med norsk
Natur og norskt Liv, ærlegt framsynt og friskt og
modigt. Men naar ein hadde sét paa Kunsten fraa
andre Land og sidan kom inn-til den norske att, daa
11
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>