Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
saag ein, at Norig er eit fatigt Land. Alle Bilæte var
so smaae; so knapt tilskorne; so knipne. Maalarane
vaare hev nok ikkje Raad til aa maala paa store Dukar;
dei maa knipe sine Synir inn paa smaae Rom; for Duken
er dyr; og det er ingen her heime som kauper dyre
Bilæte.
Takke til at dei kauper billege. Dei fleste gjeng nok
berre ned paa «Maleriauksjonen» og kauper seg eit
Stykke Skog eller Sjø for 20 Kronur eller so. Um det
er god eller laak Kunst, det kann vera ytt som bytt
for den norske Intelligensen; det er den forgyllte Raama
som er Hovudsaki; den fyller so godt paa Veggen,
maa tru.
Og so kann ein gaa ned til Vollmann og faa seg ei
Athene i Gips til Skriveborde og Kronprinsen og
Kronprinsessa i Terrakotta for 5 Kr. Stykke til aa setja paa
Piedestallen eller Hyrnehylla. Dermed hev den upplyste
Del av Nasjonen so mykje Kunst som den treng.
Og «Folket» ...
Av Skulpturarrbeid var der tvo i den norske Deildi.
Og dei var ikkje store. Dei var ikke større enn so det
kunde vera Von um, at Nasjonalgallerie eller
Kunstsamlage kunde hava Raad til aa kaupe deim. Det eine
av desse Bilætverki var Skeibroks «T r æ t». Naar ein
ser paa denne stakkars Gjentungen som sit der og heng
yvi den kvasse Stolryggen so uttrøytt og arm at ho
ikkje kann halde Augo uppe lenger, so ser ein
korleis Folke hev det. Det er det jamne seige Slit for
aa liva og slaa seg igjenom; stort meir vert det ikkje.
Modige Maurar dei, som ofrar seg for Kunsten i dette
Land! stor Takk kann dei ikkje vente. For dei fleste
vert det Gjeld og Sveltihel; og so er det kanskje hundra
Mann i Lande som bryr seg um det dei gjer, og —
skal me segja tie? — som forstend det.
12
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>