Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Eg gjekk der inne i den lumrande Varmen, til dess
det tok til aa svimre for meg; søkte so ut. Um Kvelden
var eg paa «Skala» og «Eden» og andre slike
Kvile-stadir; glodde paa Linedansarar og høyrde paa
Visesongarar og svala Torsten med tyskt 01. Eg var aaleine
og lika meg so midt i Lag; og paa slike Stadir skulde
ein kunna raaka Nordmennar. Ja; norsk-danskt høyrde
eg baade her og der. Men eg saag ingin som eg kjende.
Dagen etter tok eg Industri-Deildi. Det var like varmt
eller endaa verre; ein maatte søkje Skuggen, vilde ein
ikkje braane reint burt. Inne i Utstellingi var der som i
eit Govbad.
Eg gjekk gjenom mange Land, fyrr eg fann Norvége.
Det var Norig og Sverige og Danmark i eit Rom, berre
skilde fraa kvarandre med smale Gangar og Flagg;
Norig var fremst. Lite klembd um Bringa var eg, daa
eg gjekk inn: kva kunde vel vesle Norig hava aa vise
fram paa slikt eit Storheimsstemne ?
Jau; me hadde Brennevin. Ingi Naud med Norig, so
lengi det hev Brennevin! Og so 01. Brennevin og 01.
Skaap etter Skaap med Flaskur; og so sjølvsagt han
Guten med Toppluva, han som sit og rid paa eit Anker
og hev ein Dunk under kvar Arm; han hev visst vori
paa alle dei Utstellingar som nokon veit aa nemne. Av
Tre er han utskorin og som ein Tremann ser han ut.
Dei maa liva lystig like vel der upp-i det Islande Norig,
tenkjer vel Utlendingen, naar han ser alle desse Skaap
og Reisverk fulle av svarte Flaskur med underlege
Merkesetlar i kalde Fargar og utstasa med rare
Figurar og Krot.
Men me hadde andre Ting. Me hadde Hestskosaum.
Den var ikkje ille. Og me hadde Tremasse; Tremasse
paa Flaskur; saag fælt rar ut. Karjolar veit eg ikkje
um eg saag. Men eg saag Smedarbeid som ikkje var
13
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>