- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
14

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

verst. Det kom burt, naar ein likna det ihop med
Smedarbeid fraa Belgia, England, Amerika; men det lét seg
daa sjaa paa. So var det stelt ut hyvla Bord; dei lukta
so friskt og godt av Furu. Og Pelsverk! Det saag
noko armt og glanslaust ut mot t. D. det russiske; me
kann vel ikkje laga det so fint til. Men det maa me
kunna lære. Nei! at me ikkje sender eit par hundra
av dei beste Arbeidskarane vaare til kvart einaste slikt
Storsjaa, so dei kunde faa ei Vitring um kor mykje me
hev att aa lære av alle Slag! Det er for Folk som oss,
at slike Sjaa skulde gjera mest Nytte.

So lengi gjekk eg og saag paa desse norske
Utstel-lingsskaap («Montrer»), til dess eg vart heilt-upp
tung-pustin. Dei var so laage! laage og tunge og nedklembde
og klumpne; der var ikkje Reisning i deim! Det var som
naar ein kjem til Kristiania fraa ein utanlandsk By;
det vantar ei Høgd paa Husi! Dei stend so krukne og
modlause; vaagar ikkje aa rette Rygg; ein fær slik Hug
til aa lyfte paa deim, keike deim upp. Det ser ut som
Tanken hev vori aa byggje deim store; men so, naar
Byggmeistaren kom til tridje eller fjorde Høgdi, so var
der ikkje meir Pengar, og so laut han leggje Tak paa
halvferdugt Hus. So paa Lag var det med desse Skaapi.
Dei stod og krukte og gjorde seg smaae; vaaga ikkje aa
rette Rygg; sterke var dei so dei kunde staa seg for ei
Kanonkule; men halde seg frie og rake kunde dei ikkje.
Det var som dei ikkje rett visste um dei torde vera her
millom so mange fine Skaap fraa dei store Landi. Eg
gjekk ut meir bringeklembd enn eg kom inn. Langt
fram, langt fram, sagde eg for meg sjølv; gamle Norig
er stort, men Kulturen vaar, den er litin.

Det var ikkje herdande lenger i Bygningen; eg laut ut
og faa meg noko med Is i. Men fyrst gjekk eg innum
ein Tyrk og kaupte meg eit Cigarett-Munnstykke; det

14

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free