- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
15

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skulde vera liksom til eit Minne. Og enno hev eg ikkje
kasta det burt. Det er fint; Munnspissen av (falskt)
Rav, Resten av forgyllt Metall med mykje Kröt paa;
under heng eit lite forgyllt Lekkje og ein Halvmaane.
Som eg var ferdug med denne Handelen, kom det
drivande ein katolsk Prest. No gjeld det! tenkte Tyrken;
han drog fram or Skaape sitt eit stort Krucifiks og
vilde hava Presten til aa kaupe. Det var gilde Greidur:
Krossen av svart, polera Tre, og Kristusbilæte av
Fils-bein: No skal du sjaa, tenkte eg; her fær me stort
Tolerancetablaa: ein kristin Prest som kauper eit
Krucifiks av ein Tysk. Men Presten saag ikkje ut som han
vilde gjeva Framsyning i Tolerance. Han saag ut som
han var rædd. Eg veit ikkje um han slo Kross for seg;
men det var visst ikkje langt ifraa; og apage Satanas!
stod tydelig aa lesa i heile hans Aatferd. Men Tyrken
heldt paa med sitt; han forstod visst ikkje at ein Prest
kunde sjaa eit Krucifiks og ikkje kaupe. Endeleg
spurde Presten kor mykje det kosta. «Seksti Frank,»
totte eg Tyrken svara. Daa gjekk Presten. Det same
gjorde eg.

— So kom Reisedagen.

Det kosta meg ein halv Frank i Attpaa-Drikkepengar
aa koma til Jarnvegsgarden fyrr Ferdi gjekk; so seint
var eg ute. Og endaa hadde eg berre ein Minutt aa
gjera paa, daa eg var framkomin.

Eg inn. Burt aat Gluggen: «Amsterdam! tridje
Klasse!» Nei; det var ikkje der; tridje Klasse var paa
den andre Sida, «1’aut’ cot1’autf coté/» Eg av Stad,
med Kuffert og Overfrakke og Regnhatt og all Ting,
burt til den andre Sida; nei; der var ingin Glugg. Halli
rundt, med Hatten paa Nakken og Live i Hendane: nei;

Pilsbein: «Elfenben». — apage Satanas: burt,
Satan!

15

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free