- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
24

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

verdig som ein Far, med endelaust Tolmod. Rett som
det var kom det inn ein litin Gjentunge. 12—-13 Aar
visst; armt men reinslegt klædd; vakker og bljug;
henne gav han Pengar. Det var Dotter av ei Fatigenkje
som han hadde teki seg av, sagde han; det var so smaatt
for deim, stakkar. Eg vart burtimot kløkkt. Og slik
ein Mann kunde eg sitja her og vera arg paa!

Naa; mot meg hadde han ikkje vori noko høfleg.
Men eg saag daa ikkje vidare fjong ut heller, eg. Ja-ja;
men eg hadde daa rein Halskrage! Og nyraka var eg;
og Fillejakka mi hadde eg kosta det beste eg kunde.
Handkragane var ikkje nytta meir enn ein Gong fyrr;
og Styvlane var so blanke at ein kunde spegla seg i
diem. Det hadde visst mang ein Mann sét verre ut,
naar han kom paa eit Konsulat og skulde slaa Pengar!

Um ein halv Time eller so tok han endeleg Avskil
med Kapteinane. Han tok deim varmt og hjarteleg i
Handi, den eine etter den andre, og rødde og rødde og
saag paa deim med sine smaae Augo som lyste av
Vénskap, lyste i grønt.

— Og so var det eg daa.

Ja; eg sagde kva eg vilde. Fortalde um Baaten som
hadde narra meg, og sagde kor ille det var stelt. So
gav eg han Visitkorte mitt, og sistpaa Passe. I det stod
der kven eg var og kva eg var; og der stod, at eg skulde
passere fritt og uhindra og faa folkeleg Medferd kvar
eg kom, i Danmark, Tyskland, Frankrike, England,
Belgia og Holland.

No var eg i Holland. Og no var eg i Knipe. Her i
Byen kjende eg ikkje ein Kjeft; heimetter maatte eg
i denne Dag; og no fekk daa Konsulate vera so rimelegt
aa laane meg 100 Reichsmark — eg trudde kje ein
kunde laane mindre av eit Konsulat —, so eg kunde
koma godt og vel til Kristiania yvi Hamborg.

24

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free