- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
25

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Den svartklædde saag nedetter Passe mitt; so lyfte
han sitt Snyteskaft og heldt ein Tale.

Naar ein reiste i Utlande, sa han, so skulde ein stelle
seg so at ein ikkje kom i Knipe.

Og han greidde ut, og gav mange gode Grunnar for,
at naar ein Mann reiste i Utlande, so fekk han reise paa
sin eigin Kostnad og ikkje paa Kostnad av Konsulate.

Eg stod og glodde. Var Mannen ein Skjemtegauk?

Men det saag han meg ikkje ut til. Han stod og tok
uppatt og uppatt sine Visdoms Ord med veksande
Aal-vor; vart sistpaa so ihuga at han tok til aa brjote paa
Tysk. Han hadde nok vori lengi heimanfraa.

Kvar Mann kunde koma her og segja: hjai er i Knipe;
hjai maa hafe Penger; men det var noko som ikkje kom
Konsulate ved. Konsulate hadde havt nok av slike Folk.
Her kom den eine og her kom den andre; her kom Folk
i store Masser; ok alle vilde hafe Penger; ok alle var i
sodan Gnipe; men dersom eg trudde, at Konsulate hadde
noko med aa skaffe Pengar til Folk som... Folk
som... som ikkje kunde greide sine Reiseutgiftir sjølve,
so tok eg storleg i Miss.

Han stirde paa meg med smaae Augo som stakk; og
eg kunde sjaa at han tottest hava tala framifraa.

Det var ikkje mi Meining.

Eg sagde at eg ikkje vilde hava Pengar av Konsulate.
Eg vilde laane Pengar; og dei skulde Konsulate faa att,
so snart eg kom til Kristiania.

Den svartklædde drog paa Aksli.

Kjah! Det sagde alle. Alle kom her og vilde «laane»;
Konsulate skulde faa att Pengane sine um aatte Dagar;
og so raiste dei; og Konsulate saag aldri meir korkje
deim eller Pengane. Konsulate hadde havt nok av slike
Folk. Konsulate hadde tapt so mykje Pengar paa slike
Folk at det ikkje kunde tapa meir. Han hadde ikkje

25

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free