- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
26

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

noko Mistru til meg serskilt. Men eg fekk greide meg
sjølv. Konsulate var ingin Bank; Konsulate kunde ikkje
hava noko aa gjera med Folk som ... Folk som ...
naah; det var noko som eg seif maatte pegripe.

Men det pegreip eg ikkje. Hm! trudde den
Tryntyrken at eg hadde reist fraa Kristiania til Paris og
fraa Paris til Antwerpen og fraa Antwerpen til Leiden
og fraa Leiden til Amsterdam berre for aa snyte
«Svenska och norska konsulatet» for 100
Riksmark ?

Eg skalv av Sinne. Eg fekk knapt Ord for meg. Eg
sagde noko um, at eg — eg hadde daa ein Baas i Staten;
eg var daa ikkje nokon rein Rekefant heller; men kor
sinna eg vart, og kva Titel eg gav meg, so nytta det
like mykje.

Konsulate hadde tapt Pengar i tusundvis, sagde den
bleike; det hadde tapt Pengar paa Folk som... Folk
som ein skulde tru betre um. Dei beste Folk mang ein
Gong; Folk med dei beste Forpinteiser. Naar ein Mand
var ute og reiste, fekk han stelle seg so, at —

Ja men e g kunde daa for svarte — noksagt — ikkje
hjelpe, at Baatane her i Amsterdam gjekk ein Dag
fyri Tidi?

Nei; men eg kunde agte mi eigi Tid. Soleis var det:
Folk lagde seg til i Utlande so lengi til dei ikkje hadde
meir Pengar; og so kom dei til Konsulate; so skulde
Konsulate greide det for deim. Eg kunde reist heim
daa eg saag at Pengane tok til aa minke; so hadde eg
ikkje komi i denne Gnipe, — moralisera Konsulen.

Eg meinte paa at eg hadde lagt min Ferdaplan so, at
hadde den Fillebaaten her i Amsterdam gjengi som ein
annan skikkeleg Baat etter Ruta, so hadde ikkje eg
stadi her. Og naar ein Mann paa slik Vis kom i Beit,
og han ingin annan Utveg hadde, og han so gjekk til

26

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free