- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
27

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Konsulen og lagde fram Brevskapar som viste, at han
var ein skikkeleg Mann og ein Mann som var god for
so mange Pengar som han hadde Bruk for, so fekk
Konsulen versgod «assistere», meinte eg.

Nei; det hadde ikkje Konsulen noko med. Konsulate
var ingin Bank. Naar Folk reiste til Utlande, fekk dei
stelle seg so, at —

«Ja, kort og godt; eg maa ha Pengar. Eg hev
for-klaara Grunnen. Eg hev synt fram Pass som viser kven
eg er, og kva eg er. Heim maa eg; utan Pengar kjem
eg ingin Veg; i denne Byen kjenner eg ingin; eg maa
ha Pengar; no veit De det.»

Den bleike sagde:

«Di maa hafe Penger; det tror kjaih nok; men det
blir ikke Konsulatets Sag. Vi kan ikke hafe noget med
dette at gjére. Jeg tror ikke, Generalkonsulen heller
vilde hafe noget med dette at gjére. Di faar hjelpe Dem
seif.» Han slog ut med Handi; Audiensen var slutt.

Eg stod og glodde. «Er det... er det ikkje
Generalkonsulen eg talar med?»

«Nei,» sagde den bleike og slo Augo ned; «kjaih er
ikke Generalkonsulen; han er ikke at træffe for Tiden.»

Naa, hvad du ikke er, det kanst du blive! tenkte eg,
og hugsa med det same paa, kor vel han hadde stelt for
dei tvo Kapteinane.

Men dermed var eg like nær. Eg stod der som Skrubb
i Soks og visste korkje att eller fram. Endeleg fann
eg paa noko.

Konsulate kunde telegrafere til det norske
Finans-departemente. Det kunde taka Pant i Løni mi. Eg
skulde gjeva Visse. Her paa Flekken skulde eg gjeva
Visse ... kom med Pen og Blekk.

«Hvad er det for Gage, Di har at gife Forskrifning
po?» spurde den bleike og lyfte sitt lange Skaft.

27

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free