Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Det har jeg sagt Dem. Det staar desuden der i mit
Pass! I det Papir Di har i Haanden!» Eg skar Tennar.
For andre Gongen gav han seg i Kast med Papire.
Og der stod det, paa Franskt og svært klaart, kva eg
var for ein Mann i den norske Ståt. Den bleike las og
las; daa han kom noko ned i Teksti seig Snyteskafte
ein Grad nærare Horisontalen.
«... élu ... pour la revision des comptes de 1’Etat...
hm.» Ja; Konsulate kunde ikkje innlata seg ... mm ...
Konsulate kunde ikkje —. «Des comtes de 1’Etat» ...
Kor mykje var det eg maatte hava?
100 Riksmark.
Naar eg skulde reise ?
Klokka 5.
«Kjah. Kjah. Di kan komme igjen ... komme igjen ...
Klokken 3. Kom igjen Klokken 3. Vi skal da se, om
der er naaget aa gjére.»
Det kunde du ha funni ut fyrr, din General- —
noksagt, tenkte eg.
Men enno var ikkje Slage vunni.
Daa han Fyren inn i det indre Rome høyrde at
Snyteskafte saag ut til aa vilja gjeva seg, kom han fram til
Disken og spurde um eg ikkje kunde telegrafere. Eg
hadde vel alltid einkvar Kjenning i Kristiania som var
so mykje til Mann at han i eit Knipetak kunde skaffe
so mykje som 100 Riksmark.
Han med Snyteskafte fann au dette rimelegt.
Eg ynskte hin Karen dit, der Folk ikkje frys paa
Føtane; men eg sa, at eg hadde Kjenningar som i eit
Knipetak kunde skaffe meg 100 Riksmark og vel det.
Men det var for seint aa faa Saki greidd paa
Telegrafveg fyri Klokka fem.
Nei; det gjekk visst for seg, meinte hin Karen. Ja;
det gjekk for seg, meinte Snyteskafte. Mitt Telegram
28
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>