- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
29

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vilde naa heim fyri Klokka 2. So kunde Kjenningen min
gaa i Kreditbanken og faa den til aa telegrafere
Utbetalingsordre til Konsulate her; og den Ordren kom
hit fyri Klokka fem. So kunde eg koma her upp; og
daa skulde eg faa so mykje Pengar som Ordren lydde
paa, um det so var 1 000 Riksmark.

So lét eg meg narre. Eg kunde vaage mest kva det
var for aa sleppe aa plaage Svenska och norska
konsulatet, som var so paa Live for at det skulde
tapa 100 Riksmark paa ein norsk Statsrevisor.

— Kjenningen min i Kristiania fekk Telegrame langt
ut paa Laurdags Ettermiddagen. Daa var det for seint;
alle Bankar var stengde.

So var det aa liggje yvi til um Maandagen. Eg hadde
funni ut, at eg heller vilde gaa i Kanalen enn eg vilde
beda Svenska och norska konsulatet um

100 Riksmark endaa ein Gong.

*



Eg dreiv det meste av Sundagen i Dyrehagen. Der
er Dyr og Fuglar av alle Slag, mest som i Noas Ark;
dei eg saag mest paa var dei store Rovdyri av
Katte-slage. Der var ei Løve med smaae Ungar som laag og
gnog paa store Kjøtbein og var blide og snilde som
Kvelpar; ein Gong imillom var dei burte og strauk seg
kjælande uppetter Mor si; dei var glade i henne, saag
det ut til. Og ho laag paa Vakt for deim; samla det seg
altfor mykje Folk utanfor Bure, so vart ho vond og
reis upp og bura. Ho beinte dei stakkars søte
Smaa-ingane maatte hava Lov til aa eta sin Mat i Fred.

Og so Tigrane. Store, men fine; kattefine,
katte-mjuke; skræmelege. Løva er veldug. Men du vert meir
grunnskaka av Rædsle naar du ser Tigeren, elegant som
han er, med Augo som grøn Eld, so ville at du kjenner

29

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free