- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
30

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Vanvite renne deg g.jenom Blode, naar du stirer inn
i deim.

Apekattane sat eg lengi og glodde paa; dei er so
løglege og lette og fantevorne; det mest uvederheftige
du kan sjaa. Sistpaa var eg i det store Akvarie. Du
kjem inn i eit veldigt Rom, fælt langt, myrkt som ein
Kjellar; i Veggine er Rom for Fisken, som gjeng der
og liver i smaae kunstige Holur eller Gropir fulle av
Vatn, avstengde med svære Glasrutur. Gjenom deim
kann du sjaa Fisken og heile hans Liv og Ferd tett
innved. Umfram dei endelaust mange Fiskeslagi er der
fullt upp av andre Sjødyr, Krosstroll og Korallar og
altslags rart, og so desse Dyri som veks paa Sjøbotnen
som fagre Blomar, med Litir so mjuke og fine og ljose,
at me hev det ikkje venare i Luftheimen.

Men som eg gjekk og saag paa dette Fiskelive i kaldt
Vatn og Kjellarljos, kom det yvi meg slike rare
Minningar. Der stod Fisken kald og aaleine og glodde
tankelaust med stinne Augo og svelgde og svelgde paa Vatn
med breide Munnar liksom gamle Kallar som tygg, og
saag so hjarteleg matleid og likesæl ut, at eg kom til

aa tenkje paa Landsmennar.

*



Daa eg kom til Gjestehuse att, laag der Telegram
fraa Kristiania.

Der stod: «200 Kroner er sendte til Antwerpen.»

— Til Antwerpen! Tull yvi Tull; Ørske og Tusseskap;
var det eg eller hi Verdi som skulde paa Gaustad?

Og no stod eg her i Amsterdam og hadde ikkje so
eg kunde greide Hotelrekningi dessmeir. Kvar skulde
ein av no?

Berre ei Raad saag eg. Finne Konsulen sjølv og tala

30

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free