- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
37

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gamle Dagar; og Jarnvegen skranglar tom baade upp
og ned, so nær som den Stundi um Sumaren, naar han
kann faa Tak paa eit Par Turistar.

Ja daa.

— Og her i Vaar fekk eg sjaa Armodsdomen fraa den
andre Sida.

Eg skulde sjaa igjenom «Statens udestaaende
Fordringer». Der var millom anna ei Liste yvi
Jarnvegs-tilskot som ikkje var innkomne. Du veit det var teikna
store Sumar privat;, stakkars Folke uppetter Dalane
trudde, at naar Jønnvegen kom skulde alt bli godt; og
so tøygde dei seg so langt dei kunde, og lenger. So
sit eg i det graae Kantore mitt ved den graagule Pulten
og ser paa denne Lista... ei endelaus Liste. Det gjeng
Side upp og Side ned, Ark ut og Ark inn; aa du store
Tid, so mange det er som ikkje hev betala. Kor kann
det hava seg? Der er ein Rubrik som heiter
«Anmærk-ningsrubriken»; der fær eg vita det.

«Konkurs; Fordringen anmeldt i Boet. — Do. — Do.
Do. — Uformuende. — Do. — Do. — Do. — Do. —
Do. — Aldeles uformuende. — Udvandret til Amerika. —

— Do. — Do. — Død; Enken nyder
Fattigunderstøttelse. — Afholdt Exekution efter Underretsdom, men
intet realisabelt Udlæg. — Opholdssted ubekjendt. —
Nyder Fattigunderstøttelse. — Død som Fattiglem. —
Ikke antruffen. — Skal være i Amerika. — Reist til
Australien. — I Sydamerika. — Bor paa Island. —
Uformuende. — Do. — Do. — Do. — Do. — Konkurs. — Do.

— Do. — Do.» ...

Side etter Side, Blad etter Blad, Ark etter Ark; eg
vert leid; ris upp; gjeng aat Glase; ser ut... Chr.
Friele bakanfraa. Fælt podagristisk i Dag. Gjeng med
Stav; seint og størt; Flossen i Nakken ... Folket? Dette
saakaldte «Folket»? heh!

3 — Garborg VIII.

37

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free