Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Uformuende» . . . «Død i Armod» . . . «Konkurs» . . .
«Reist til Amerika» ... Side upp og Side ned; Blad ut
og Blad inn ...
Alle desse sprengde Liv legg seg for Bringa paa meg.
Dei stod seg godt ein Gong; sat med Gard, Skog,
Skips-partar; var modige og teikna Lütir i Jønnvegen som
skulde koma med Rikdom og nye Tidir upp gjenom
Dalane. Daa Jønnvegen var ferdug tjuge Aar etter, var
alt ute; Skipspartane verdlause, Skogin uthoggin,
Garden seld, Mannen «konkurs», i ^.merika, i Australia,
paa Island, i ein eller annan Kyrkjegard; og Enkja sat
etter med Barneflokken og «nød» ...
«Fattigunderstøttelse».
So kjem Staten. Staten som me held uppe med all
vaar Magt, av di det er den som skal forsvara oss,
forsvara vaart Liv, vaar Eigedom ... Staten kjem.
Lensmannen drivin av Futen, Futen drivin av Departemente,
Departemente drivi av Statsrevisjonen, Statsrevisjonen
drivin av Stortinge... «kor gjeng det med «de
ude-staaende Fordringer» ?» — Lensmannen med sine Vitne
stig inn paa Lofte hjaa Enkja og skal gjera
«Execu-tion». Det gjeld dei siste Restane; Gull-Ure ho fekk av
Mor si ein Gong; Gull-Ringen ho fekk av Brudgomen
sin; Vogga der Borni hennar hev sovi; den gamle
Sofaen ; den siste Staskjolen... men so er der kje noko.
Det er burte alt; burte for lengi sidan. Selt for Mat
og for Ved, pantsett, uteksekvera; «intet realisabelt
Udlæg», berre Fillur, Fillur... og midt i Fillehaugen ei
gul, utsjaska Fille av eit Menneskjebarn.
Det vert meg til eit Bilæte av heile vaart arme
norske Liv.
Eg tek Hatten og Frakken og gjeng ut; Murlufti her
inne, og Kjellardaamen, og all denne Armod, det eine
med det andre hev gjort meg hugsjuk; eg maa faa Luft;
38
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>