- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
39

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

eg maa faa sjaa Folk; svingar innum paa Grand og
vil faa meg noko aa kveikje meg upp med.

Der sit fem-seks Mann, kvar i si Kraa; dei ser ut som
dei au kunde vera komne fraa eit Kantor med
Kjellar-daam og Armod. Men burte ved Hyrneglase sit ein
Flokk Studentar, norsk Ungdom; dei maa vera komne
fraa «Live», dei. Sit og heng yvi Glasi sine og tegjer.

«Gider ikke.» «Gider simpelthen ikke.» «Æsch» ...

*



Her upp-i Fjelle er betre aa vera.

Den Jønnvegen eg hev vori so arg paa er god for noko
lell; me som hev Raad og gode Stundir kann koma langt
med den; eg kjem til Auma Stasjon paa elleve Timar.
Fraa Auma upp-yvi Fjelle, vest-yvi, ei god halv norsk
Mil, — so hev me Savalen. Yvi Savalen med Baat,
vest-yvi ei halv norsk Mil til... der er Stogo mi i
Garvik-Lia. Daa er eg i Norig. Daa er Christian Friele
gløymd.

Min gode Vén Ivar Mortensson hev funni paa at Stogo
mi skal heite Kolbotnen. Han hev tilmed sett dette
Namne i «Fedraheimen», so no trur Folk at Stogo heiter
so. Men det skal bli Lygn det, ser du. Sætri mi er ingin
Kolbotn. Ho ligg ved Garvika, upp-i Garvik-Lia,
innunder Garvikaasen; og aldri kjem det anna Namn paa
ho enn Garviksætri, so lengi eg liver. Du fær hugse paa
det, «Fedraheim». Bry deg aldri um kva han segjer,
denne candidatus theologice Ivar Mortensson; han fer
med so mykje Tull, han.

Det kunde elles vera god Grunn til aa kalle Stogo mi
som han Ivar vil; for det er ein gamall Kolbotn ho ligg
paa. Dei hev brent mykje Kol her i fyrre Tidir; og den
Koja der Kolbrennarane budde, den stend den Dag i Dag
er. Og staa skal ho, berre ikkje den skarve Stuten der

39

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free