- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
40

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

burtatæ stangar ho ned for meg. Men det er kje aa lite
paa. Eg hev mykje Mas med den Stuten, som elles er
berre ein Trusk av ein Stut, og ein Tosk attpaa; han
kjem alltid naar eg er i verste Basken med Fiskegryta,
eller naar eg sit og skal faa meg Mat. Daa kjem han
remjande og burande so eg høyrer han lang Veg — han
øver seg i aa vera olm —; og fyrr eg veit Ord av, stend
han og klaar Skolten sin i Kojeveggen, so det berre fyk
med Mold og Mose. Eg ut med Paaken det fortaste eg
vinn, og han til Beins; men naar eg vel er innkomin, so
stend han ved Ko ja att og klaar seg som ingin ting var;
hev gløymt baade meg og Paaken. Fælt so lite Vit der
kann vera i slik ein Stuteskolt.

Koja ser ut paa Lag som ei Finnegamme, ei av dei
minste og minst for-seg-gjorde. Du kann kje staa rett
inni ho, ikkje i Miden dessmeir; og utanpaa ser ho ut
som ei kilerund Mosetuve med kvass Topp. Der sat i
fordoms Tid den svarte Kolbrennaren svarte Kvelden og
røykte paa den svarte Kritpipa og stelte med ’n
Svarte-Lars; og Folk nedi Bygdi, som totte det maatte vera
fælslegt aa liggje so einsleg der upp-i Villmarki, tenkte
so ymist, at den svarte Kallen i den svarte Koja visst
ender og daa vart gjesta av den som var endaa svartare
og hadde ein større Eld aa vakte paa enn slik ei Kolmile.

Kannhende det er noko slikt den snilde Kandidat
Mortensson tenkjer paa, naar han plent og plent vil at
Stogo mi skal heite Kolbotnen?

Men Stogo er for fin til aa hava so svart eit Namn.

*



Uppe i Bakken ligg ho inneringa av store Mastefurur
og glytter gjenom Skogen ned-yvi Savalen til Tronfjell,

burtatæ: burtantil.

Svarte-Lars: Kjælenavn paa Kaffikjélen.

40

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free