Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Flugu, so maa det vera myrkt i Vére, og Vind, og ikkje
for kaldt; dertil maa der ikkje vera Skodde um
Fjelltoppane, og Vinden maa ikkje vera av Nord. Best er det
ei tvo-tri Dagar fyri eit Vérskifte; det segjer han Ola,
gamle Ola Viken, Grannen min ut-paa Svarthugu; og
han veit det.
Det hev vori fiska so lengi etter denne Saval-Auren,
at det er rart der kann vera so mykje att av han, at han
daa bit süme Tidir; for det er med Fisken som med oss:
han vert klok av ill Røynd. Saval-Auren er den vitugaste
Fisken eg hev vori ute fyri. Men so er han ikkje feit
heller; Vit og Talg høyrer ikkje ihop, som Vinje lærde
oss. Men fin i Fisken er han, og smakar framifraa.
Ja, eg hev det godt her.
Ingin kann tru kor kry eg er av aa eige denne Stogo
i Garviklia. Men tenk kva det maa vera for ein
Heim-lausing som eg — ein Heimlausing som attaat ikkje er
fri for aa vera mannvond — aa hava eit Hus som eg eig
sjølv, og som ligg løynt uppi Fjell og Skog som ein
Huldregard! Denne Stogo her ved Savalen er det einaste
i denne Verdi eg er fornøgd med.
Og her kjem min sanne Natur upp. Skrive kann eg
ikkje. Det einaste eg hev Moro av er aa gaa i Skogen
med Øksi eller Spaden og hogge Tre og Ved og rydja
upp; det vert ikkje stort av det, Gubbær’-oss; men
likevel! — Og so koke Mat. Trur du ikkje at eg, som kvar
Mann held for ein Literat, ubrukeleg til all god
Gjerning, — at naar det kjem til Aalvor, so kann eg koke
baade Kaffi og Fisk og Hermetik og Jordeple og Graut;
ja Graut! Men ikkje Rjomegraut; den maa ho Anne
koke aat meg; og brenne Kaffi maa ho og; ho Anne
Svarthugu veit du, Kjeringi hans Ola. Og ein Vedhoggar
43
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>