- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
49

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han au tek til aa bli mannvond. So vill som eg er han
ikkje enno; men det kjem full’, skal me sjaa; lat ’n
berre bli so gamall som eg er!

Aa ja; eg eldest no. 36 Aar; Haare feil og Mode feil;
hev det vori skralt med Gjentelykka fyrr, so vert det
nok ikkje betre heretter.

Men det var han Ivar, ja. Her skal du sjaa ei Lysing
som han hev sett upp nord-etter Vegen til Nordpolen —
han finn seg i Namne lell; han hev tenkt seg um og ser,
at Motstand vil vera faafengd —; paa alle dei Stuvar og
Stokkar som i Skogen finst hev han spikra Lysingi upp;
og den viser etter mi Tru, at han er langt paa Veg til
aa bli olm av seg:

«Fredlysing.

Vonde Stutar, Bukkar og Kvinnfolk, Gneldrebikkjur,
Ranglefantar, Tjuvar og Kjeltringar maa ikkje koma til
Nordpolen.

Inkje vondt maa koma til Nordpolen.

Ivar Mortensson Savala.»

Guten tek til aa faa Nervur; det er greidt det.

Um elles denne Lysingi kjem til aa hjelpe noko veit
ikkje eg. Kannhende ho kann hjelpe for Stutar og
Bukkar og Bikkjur; men visst er det at ho ikkje hjelper for
Kvinnfolk; tvertimot. Nei; no skal dei nettupp til
Nordpolen dei, baade Fyrkjur og Fentur; dei kjem dragande
baade fraa Foldalen og fraa Tynnset; desse burtpaa
Straalberg vil eg ikkje nemne; dei bryt inn i Nordpolen
um han Ivar ikkje er heime og, dei. Og ingin veit kvar
det kann koma Kvinnfolk ifraa til Nordpolen no; heilt
fraa Paradis av hev Kvinna havt denne Hugen til aa
gjera nettupp det som var henne strengeleg forbodi. Um
Ranglefantar læt seg skræme kann au vera uvisst; i
alle Fall driv eg der burte rett som det er. Men Tjuvar

49

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free