Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og Kjeltringar vonar eg visst vil halde seg burte. Det
kann ikkje løne seg aa uppdaga Nordpolen for deim;
noko aa stela er der daa visst ikkje. Det skulde einast
vera eit Pylseskinn kanskje, eller ei Tomflaske.
Dessutan hev han Ivar laant Revolveren min; so kjem det
nokon ved Nattetid no, so smell det; og daa kann ingin
vita kvar Kula gjeng.
*
Kolbotnkveld. Klokka er 9. Ute er det svart
som i Avgrunnane. Det hev regnt i Ettermiddag; store
side kvitnande Skyir heng ned yvi alle Fjell som
Huldre-hattar. Og ror du ut paa Savalen, so vil det vera so villt
og fælt ikring deg, at du vil tru deg midt inne i
Lov-gjevingi paa Sinai.
Men Ivar og eg er inne, me.
Kom du inn gjenom Døri no, so vilde du rett imot deg
sjaa ein stor Eld loga paa Gruva; urolegt Ljos og
urolege, flakkande Halvskuggar leikar rundt Stogo; dansar
frametter Veggine; skjelv upp-under Tak-Raftane; det
glimar i Krus-Ty og Mjølkespand burtpaa Matborde og i
Rekkja; det nye gloraude Gardine mitt lyser i Eldskine
og gjer heile Stogo varm; lengst bak, attum
Skorsteinen, i «Gjestekammerse», er berre myrkt, med einkvar
uviss Ljosken flimrande innetter ender og daa, paa Lag
som Nordlys-Skimmer. ,
Gryta heng paa Skjerdingen; Meiningi er at me skulde
hava Havregrynsgraut i Kveld. Det finst ikkje anna til
Mat i Kolbotnen no; men det beste maa vera godt nok.
Det er Gjestebodskost heime paa Jæren det;
Jolaftans-kost; «Grønagraud» kallar me det; og enno tykkjer eg
det er noko med det beste eg kann faa. Han Ivar fær
au tekkjast med Grønagraud, um han so er fraa
Kakse-bygdom.
50
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0052.html