- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
51

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det er eg som stend ved Gruva og rører i Gryta; eg
er klædd som ein Skogmann og heit og arg; detteher
vert det aldri Graut av, murrar eg og bannar. Burt-ved
Skriveborde, det lange smale raudmaala Skriveborde
med blaa Kant som eg kaupte burtpaa Straalberg i
Forfjor, sit ’n Ivar og bryt sitt haarsnaude Hovud
jammerleg; han skal hava «Fedraheimen» full til um
Laurdagen, men hev ikkje «Mat til Guten». Jauvisst hev
han, veit du; der er nok aa skrive um i Bladi no, baade
den nye liberale Regjeringi med sine tvo Sverdrup’ar,
og den svenske Unionen, og Bjørnstjerne Bjørnsons
Maal; men ’n Ivar hev alle sine Greidur liggjande i
Nordpolen; og til Nordpolen kann ingin koma. So i
Kveld daa. Og no veit han ikkje kva han skal finne paa
til aa laga ei Spalte um. Noko hev han i Lümma; men
det er ikkje nok; «og so er det berre noko Tull,» segjer
han; -— «hev kje du noko?» — «Eg hev eit halvt
Kolbotn-Brev.» — «Aa skriv det heilt og gjev meg det!»
segjer han. — «Eg kann kje finne paa noko.» — «Aa,
du finn nok paa. Skulde eg kje kunna finne paa so
mykje som til ei Spalte!» — «Ja prøv,» meiner eg.
-— «Aa, du er ein —!» — «Nei det er sant. Det eg
tenkjer mest paa no um Dagen er noko Tull, som daa
visst ikkje skal i Bladi.» — «Set meg paa noko daa!»
segjer han og riv seg i det Haare som han ikkje hev.
Eg rører i Gryta; han held like eins paa med sitt. «Kom
og koka denne Grauten for meg daa,» segjer eg; «so
skal eg skrive ei Spalte aat deg lell, eg.» — «Ja,» set
han i og slengjer Pennen; «men ikkje for mykje gali!»
— «Eg skal skrive berre Vas; og det er slikt Folk vil
ha, veit du; men kom fort; Grauten kann svide; her er
heitt som i... som paa den Staden der du trur at eg
skal brenne ein Gong.» — «Aa din —. Kom og skriv!
Eg skal nok greide Grauten.»

51

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free