- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
57

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Posten min, vart det reint gildt; ho kunde ha fylgt meg
til Byfuten med same.

Dei er so nervøse, desse Kvinnfolki: ho vilde vel
demonstrere mot Stortinge paa sin Maate. Men ... men ...

Naaja; so forstend du korleis det kann vera. Tankane
held seg paa sin Kant dei; og du kann tru eg hev skrivi
Kolbotnbrev nok, um eg ikkje nettupp hev sendt deim
til «Fedraheimen».

Men no lid det so langt at eg snart skal til Byen att.
Og so fær eg ruske ihop eitkvart til deg au, for Skam
Skuld. Eg kjem ikkje ut i Dag kor som er; det er so
stuslegt med Vére.

*



Dagen etter.

Eg hev havt ein vond Dag.

Stod seint upp og hadde Hovdaverk. Vermde upp den
Kaffien som var att fraa igaar; aat ein Brødskalk hard
som Kork; innbilte meg at eg var mett; kveikte Pipa og
vilde gaa ut; so kom han Kristoffer med Posten.

–Ho gjeng der inne og lid vondt. Me hev vist

oss so og so mange Gongir paa Gata. I Kristiania gjeng
Mennar og Kvende paa Gata saman so mykje dei vil;
men dersom ein og den same Karen gjeng tri Gongir
etter kvarandre i Lag med det eine og same Kvende, so
bør han helst lyse Festarmaal. Gjer han ikkje det, so er
det ho som fær svide; dei andre Damune tek til aa draga
Stakkane ihop um seg, naar dei møter henne paa eit
Fortaag eller i Teatre.

Kvinnfolki er endaa meir vonde mot kvarandre enn
me Karfolk. Me hatar kvarandre; dei vanvyrder
kvarandre. Me sputtar aat kvarandre; dei spyr av
kvarande. Ingin veit kva Vanvydrnad er som ikkje hev sét
tvo Damur sjaa nedetter kvarandre naar dei andgjengst
paa Gata med kvar sin Herre under Armen.

57

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free