- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
58

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Isj, so kokett ho er. Isj; gjeng ho og fiskar etter
honom no? Vel unnt! Han kann alltid vera god nok.
Han er kje klokare; han kunde gjerne finne paa aa taka
henne. Jøss for ein Kjole. Undrast paa um han ser at
det berre er Halv-Ull?»

— Ho skriv at den og den gamle Véna ikkje helsar
paa henne lenger. Den og den hev sagt det og det. Der
og der hev dei rødt so og so. Ho bryr seg ikkje um aa
sjaa Folk lenger. Ho stengjer seg inne paa Kote sitt
upp-i Professorbyen og les Brevi mine; ho kann so godt
vera dei andre forutan. Litegrand sjukleg er ho; men
det hev Inkje paa seg; det er det vanlege, berre noko
verre. Ho tykkjer eg skriv paa ein Maate som eg ikkje
burde; eg tek so reint i Miss av henne; men ho berre
gjeng og lengtar etter Brev likevel. Stundom vert ho
faavis; sét seg til aa graate; i lange Ridir ... Det er
inginting ... Ho er i Grunnen berre so lykkeleg. O. s. fr.

Det vert tomt i Hovude mitt og tungt for Bringa.
Tankane stanar og sét seg ned. Det kann ikkje nytte;
der er ingin Utveg; naar ein ikkje kann samle alle desse
luktande Smaadyr under Styvlehælen sin og traa deim
sund. Men Blode gjeng. Eg hatar gjenom alle Aarur;
gjenom Nerveveven frasar heite, hastige Sinneflagur,
som sloknar att under tunge Atterbaarur av Modløyse.

Inginting aa gjera. Inginting aa gjera. No hev eg
ikkje noko aa setja Hus med heller, — um me skulde
vilja tenkje paa det. Og Gud veit um eg fær noko. Min
gamle Kjenning Bladstyraren baud meg 100 Kr.
Maa-naden for fast Post; det er kje noko aa setja Hus paa.
Og Bladstræve vil taka meg heilt. Øyde mi
Arbeidskraft; tulle meg reint burt. Fara til Hunds for 100 Kr.
Maanaden... og endaa ikkje faa til aa gifte seg paa;
— jau-jau!

Eg lagar meg «Middag»: Spikjekøt, Braud ,ei halv 01.

58

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free