Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Austhimilen svartnar og svartnar; alle Skiftingar av
svart er der: ljost graasvart, tungt graasvart,
likkiste-blaasvart, halvgrønt-blaasvart; eg saag aldri slikt. Men
fraa Nordvest stend det liksom ein Ljoske, ein uhugleg,
unatturleg Ljoske; det er ikkje Skin av Sol og ikkje av
Maane; det er som Himilen attum Skylaga stod i Brand.
Slike Fargar var det i mine rædde Barndomsdraumar
um Domedag.
Burt-yvi Skogbotnen stend den gule Reinmosen og
glor underleg i denne Ljosken, dauvbleikt raudvori; det
er som Vaksljos yvi Andlite paa eit Lik. Stutte, harde
Vindkast kjem; ruskar i Skogen; slepper att og er
burte; det vert kyrkjestilt, stilt liksom Skogen stod og
heldt Pusten. Eg held Pusten sjølv, stanar, lyder; er det
noko ? er her noko i Vente ? — Den gule Ljosken i Nord
aukar og legg eit underleg daudt Skin yvi alt.
Austhimilen blaasvartnar.
Noko Regn kjem dettande, hardt, kvasst; so er det
burte att. Og Skogen stend og lyder; og eg stend og
lyder: skal det hende noko? Kva er det? — Ikkje eit
Blad rører seg. Ikkje ein Fugl...
Eit fælt, braadt Vindkast kjem; ruskar i alle
Tretoppar; døyr. Eg ser uppi den gule Nordvesthimilen
og vert fælin. Snur; best aa koma heim att. Dette maa
bli eit Ver som aldri hev vori fyrr.
Eg gjeng so fort som eg kann, men stilt, stilt liksom
rædd eg skal vekkje eitkvart. Gjeng og ventar; skvett:
no bryt det laust; no kjem det... Lufti er mett av
Elektricitet; eg er tung og varm; Hjarta mitt pikkar
som i ein Fuglunge.
Midt nedi Lidi er eg komin; daa blenkjer det fram or
Himil og Jord — blaakvasst, brennkvasst — eit Hav av
Eld, blaagult, blaakvitt, Verdi full av Eld; eg stend der
blind og fortumla. Hjarta kvelver seg rundt uppe i
60
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>