Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Halsen paa meg; fyrr eg fær samla meg att bryt Tora
ut i ein fæl Smell, ein skakande, ein Grunnsmell, so
Jordkula liksom gjev seg paa Aasen sin. Brake breider
seg burt gjenom alle Himlar, med Skrell og Skot, i
lange skakande Rullingar, i tvere, bratte Sprang; jagar
skangrande frametter Aasryggine med Smelling og
Brot mot Bergsidur og Berghamrar og ramlande
Atter-slag fraa Hausar og høge Fjell. So sturtar det ned,
fossar, susar, sjoar med Regn; Himilen slepper seg ned
i braa Flaum, i vill, skræmeleg Syndflod. Og laust gjeng
det med Skimt i Skimt og Smell i Smell; det er
Ragnarok; eg spring som for Live.
Stengjer meg inne og kveikjer Ljos. Gjeng uroleg
att og fram, uviss um kvar eg helst bør vera um Tora
skulde slaa ned her. Det varer lengi. Eit Helvites
Staak; Brak i Brak, Rulling og Ramling; Lufti er full
av Gudar og Jøtnar som slæst, stangast med dundrande
Horn og harde Skallar; kastar etter kvarandre med
Torekilar og brestande Granitfjell.
Eg sit og skjelv i mit Skinn som eit Skogdyr i Hola
si, men er glad likevel; for dette er veldigt. So skal det
vera; med Ofse og Ovrike; Gud mot Gud, Troll mot
Troll; like godt kven som vinn eller taper. Og det
trafsar og treskjer med Regn; kannhende det er gode
Gydjur og Gygrir som vil tryggje Verdi mot aa taka
Eld...
Endeleg dreg Uvére seg burt. Sistpaa høyrer eg berre
som ei døyande Rulting langt burte i dei burtlengste
Nutane inn-yvi mot Sverig.
Regne held paa. Men Lufti er lettare. Eg gjer upp
Varme paa Gruva; kveikjer eit Ljos til; drikk eit Glas
Kognak; tek til aa faa Mod. Jøss for Smaatull det er,
alt det me gjeng og syter og harmar oss fyri her ned i
Ovrike: «Voldsomhed».
61
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>