- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
62

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dalane! Ein Statsrevisorpost! Litegrand Folkesnakk!
— Berre Magtine uppi Lufti tek seg ein Dans, er det
gløymt. Fred vere med min Ettermann Klokkaren! Fred
vere med den Kristiania Dygd! Herregud, lat dei
snakke; dei treng um det. Ein skal elske sin Næste,
stend det; skulde me ikkje unne desse matleide
Stak-karsting der inne so mykje som ein litin Skandale til
aa kose seg med?

*



Men ute i Skogen susar det langt og tungt, av Regn
og Vind, av Bekkir og Bar, som ei Verdenssorg.

Ja denne Skogsusen. Denne lange, ævuge Tone av
Tre som svingar i Vinden; av Bekkir som aldri vert
trøytte; av Einundfossen i sitt myrke Djuv; av
Høg-fjellsvinden upp-um Toppane paa einslege Tindar som
sting seg upp i Himilen og spyrr, kva dei skal staa her
for i dei lange Verdsens Tidir!

Jamt naar eg sit her aaleine i Stogo mi, og det lid
paa Natti, og det sloknar paa Gruva, og ute regner det
og blæs og er myrkt og sturt, og den vaate Vinden
gjeng tung gjenom Lidom, — daa kjem det rædde
Tankar yvi meg; eg ventar aa sjaa Synir: bleike Andlit
stirer inn gjenom Ruta, med langt vaatt Haar ned etter
likbleike Vangar; Draugar og Skrymt; Far min som eg
ser um Nætane i urolege Draumar; Gjenta mi som
kanskje i denne Stundi ligg i Fjorden og døyr, trøytt av
aa gaa og traakke millom alt dette Kryp som sulkar
henne til med Augo fulle av liderleg Dygd og Munnar
fulle av Søyle... Og eg høyrer Læte og Ljod rundt
Stogo mi; tunge Stig som stanar og gjeng; smaae
flakkande Rop som kjem burt; og stundom gjenom Skogsus
og Bekkjedur syngjande Røystir som stig og sterknar
og døyvest, og Graat, Kvinnegraat, Barnegraat, rædd,

62

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free