Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
skræmd, kvævd Graat som døyr; lange forvillande
Tonar, Visetonar, Gravsalmetonar som Vinden ber att og
fram og eg veit kje kvar dei kjem fraa. Eg vert fælin;
skundar meg i Seng og snur meg til Veggen; breider
meg godt ned.
•Sfr
Kolbotnen stend paa same Staden som ifjor. Savalen
bugtar seg blaa og blank millom Øyar og Skog-Nes
ut-yvi og ut-yvi som daa. Tronfjell stig barmbreidt og
akselsterkt ende upp i Sky som daa, sveipt i blaa Luft
som i eit Stykke Himil. Der er slik Trygd i det. Hende
alt som hende vil; her uppe er Verdi den same.
Og aldri hev Lidi vori fagrare enn no etter alt dette
Regne. Ho er so frisk at det er eit Bad berre aa sjaa
ho. Og so reinvaska og kvit som Mosen stend. Der er
ingin Blom i Verdi so fager som denne blomlause
Reinmosen. Tak upp slik ein litin Dusk og sjaa vel paa han;
du skal aldri ha sét slikt. Det er som eit ørlite fint
Tre med mange hundra Greinir slyngde i kvarandre;
det finaste Filigransarbeid; vidunderlegt. Og so
Fargane. Lint rjomegult med ein uendelig lett Tone av
ungt grasgrønt, eller med ei mjuk Skifting i mosebrunt;
djupt graafiolett med Tonar burtimot blaatt, stundom
meir imot raudt. Men kjem du uppi Myri, so stend
Molteblomen der, festleg og kvit millom saftgrøne
Blokkur.
Svart Furu og ljos Bjørk vekslar uppetter Lidi; det er
gamle, stive Ungkarar og unge mjuke Møyar som stend
og ser paa kvarandre og finn ut at det er best aa liva
kvar for seg. So forvaagar ein seg ikkje.
Og Hubroen sit svart og tagall og frys uppi
Furu-greinine og held med deim. Hu, hu; best aa vera
aaleine. Daa kann ein sitja paa ei Grein og glo, og
63
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>