Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
undrast paa Folk, og vera Visdomsfugl. Hu, hu. Aldri
kann du sjaa noko so einslegt og syrgjelegt som denne
svarte, stille Fuglen. Endaa naar han flyg er det som
han var rædd; han flyg utan Ljod, kvævt og stilt som ei
Skinnvengje.
— Vesle Katt-Ula er der meir Liv i. Gjeng eg i
Kveldingi paa Sætervegen her uppi Lidi, so kann ho
koma hoppande ned paa ein Greinstubb beint imot meg;
lett og kvik og snøgg kjem ho hoppande, heilt ned mot
Hatten min, so nære at eg mest kunde naa henne med
Handi; med livlege snøgge Kattungefaktir sét ho seg
til aa studere meg. Ho ser og ho ser; skygner og ser;
stirer og snur seg og spjor og undrast —: nei men i
Jøssu Namn, kva kann dette vera for ein; kva vondt
hev han gjort, som gjeng her i svarte Skogen aaleine?
Det er ei Drøsekolle fraa Bygdine, dette; ho hev det
so ant, og Kjeften gjeng. Men Hubroen er Nidaren fraa
Byen. Roleg og vyrdeleg sit han i Kroken sin og segjer
ikkje meir enn han veit; eller han flyg fraa Krok til
Krok og orsakar Folk, meiner og talar vel um alt og tek
alt i den beste Meining. Det vert fortalt so mykje,
segjer han; men me skal ikke tru det. Aa nei; me skal
ikkje det. Dei lyg no alltid Helvti. Det er visst bra
Folk baade han og ho. Ja henne hev eg ikkje høyrt
noko um endeleg, korkje vondt eller godt, so Gud veit.
Men Herregud, um no so var; kva skil det oss? Kann
ikkje dei liva som dei vil; sakar det oss kva dei tek
seg fyri? Elles var det vel best for deim, um dei gifte
seg no snart; hm. —
Storfuglane mine hev eg ikkje sét i Aar; er det
nokon som hev vori ute og skoti deim, skal han faa med
meg aa gjera. Det smell ender og Gong inni Fjelle um
Dagen, so ein kann tru kva ein vil; Folk hev det i seg
fraa den Tidi dei var Fe, at inkje noko fagert skal faa
64
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>