- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
66

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og so skal du aldri ha sét so vent som det er her
no! Sumaren, stakkar, er reint graa han, reint
armods-leg, mot all den Glans me no liver i. Det er som dette
breide, rolege Lands-Lage her treng Vinterglimen yvi
seg til aa faa sin rette Storleik.

Ja for Lands-Lage er ikkje mykje skiftande. Det er
kje Vestlandsfjell med Braastup og himlende ville
Tindar; allting er jamt og rundt og stødt og godt
under-bygt. Det hev aldri Hast; skvett aldri til med braae
Tiltak eller store Sprang; Østerdalen er som Østerdølen:
«me fær no sjaa daa!»

Men smaatt som det gjeng veks Lande seg stort med
Tidi. Aas byggjer seg upp yvi Aas og Vord yvi Vord;
er der so til Slut eit godt breidt Grunnlag som ser ut til
aa kunna staa ei Stund, so kanskje tek det til aa muna
seg upp i Høgdi. Og langt, langt inn til Fjells kann det
so hende det vinn seg upp. Der er Høir og Høgdir som
kunde bera Himilen i si rolege Kraft; og finn det daa
paa aa kvesse seg til Tind, so vert det Tindar som
kjem i Geografien.

Yvi all denne storlagde Ro breider Snøen seg fast og
fin, so Høgdir og Kvelvar og lange Sjøar er som hogne
og skorne i Marmor. Og yvi desse Marmorviddir gjeng
Soli og Maanen og alle glitrande og knitrande
Stjerne-bilæte med tusundskiftande Glans. Glans av Eld og
Glans av Gull, og skjelvande blaatt Stjerne-Skimmer;
og so Glans og Glim i alle dei finaste Skiftingar og
Millombrøyte, so du veit korkje Likning eller Namn.

Men burt-yvi den maanekvite Botnen stend Skogen
svart og trollsk. Han breider seg i vide Moar og tøygjer
seg frametter Aasane i lange grésne Lidir som eit stridt,

stivt Skjegg, kvitsprengd og uhorveleg.

*



66

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free