- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
67

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Idag er det graatt. Fin turr Snø seller seg ned fraa
eit lett Skyslør som dreg seg yvi all Himilen, men som
det her og der ljosnar i, so me kann vente Sol i Dag
au. Fin Snø drysjande lett og stilt ned gjenom graa
Luft er festlegt; mot dei svarte Furune utanfor Glase
vert det som ein Draum aa sjaa, — ein florlett,
kvervande Morgondraum.

Lufti er so mjuk liksom; ein ser burt-yvi Aasane og
tenkjer paa Linnver.

Alt Folk trur me maa frjose ihel her; men nei; de
vert ikkje so snart kvitt oss. Det kann vera Kuldegradir
nok; men so rein er Lufti at ein kjenner deim ikkje.
Berre i sjølve Joli var det kaldt her; men daa var det
og so det knistra og knaka i Veggjom. Stakk ein Hovude
ut gjenom Døri, vart ein kvit baade paa Haar og
Skjegg, graakvit som Jolelufti.

Eg gløymer aldri den fyrste Joledagsmorgonon her;
daa var det kje naadigt. Korkje Kjerringi eller eg hadde
Hug til aa staa upp; me drog Skinnfelden upp-yvi dei
kalde Nasetippane og ynskte me kunde sova æveleg. Ho
Sjapa laag innunder Sengi og aat paa Filtskorne til
Kjerringi; eg skreik og skjellte, og Kjerringi lokka; men
Sjapa heldt paa med sitt ho, gnog og gnog til dess eg
vart vond; so gløymde eg Kalden og flaug upp; inn
under Sengi; fekk Sjapa i Nakken; dengde ho; flaug so
paa Døri og hivde ho ut... eit kvitt Gov stod inn mot
meg gjenom Dørgape. Eg berga meg aat Sengi; so tek
Sjapa til aa kvinke og jamre seg utanfor Døri; ho vil
inn att. Men neigu um eg rikkar meg! — Vov... vovw
... vowv..., kvinkar Sjapa; eg gjer tjukke Øyro. Vow
... vow ... vovw ... Fanden til Dyr! — ikkje Fred aa
faa paa ein heilag Jolemorgo heller. Sistpaa vil Hulda
upp; daa maa eg i Veg, veit du. Men Juling skal ho
hava, det Asen! (Sjapa, berre Sjapa.) Eg riv upp Døri;

67

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free