Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kom no, skal du faa! Men Sjapa forstend meg; ho
skvett undan, — og langt ut-i Skogen. «Naah! so skal
du faa gaa der til Domedag!» kvæser eg og krabbar
upp-i Sengi att. Sjapa til aa klore paa Døri og kvinke
og smaagøy: vovv ... vovw ... vov ...! «Statt du der
til du frys ihel! det skal vera meg ei sann Glede!» Eg
skjer Tennar der eg ligg; «kvi kom ho kje daa Døri var
uppe!» — Vow — vow — vovv — vovvv... «Gakk
til Bloksberg.» — Vovv — vovv — vovv — vow...
«Asen! Ubeist!!» eg flyg upp og til Døri att,
brenn-sinna: «naah! kom, Asen! kom no daa, Stakkaren! kom,
Sjapa! kom, Bisken!» — eg gjer meg so blid i Mæle
som eg kann; for eg ser ho trur meg ikkje. «Ja daa;
kom no, Bisken; kom no daa; — Satan der du er;»
Sjapa rømer berre ho ser meg. «Ja so skal du frjose
ihel! — so sant eg er Mann i mitt Hus!» — Hoppande
av Kalde rømer eg aat Sengi. Sjapa paa Døri att,
jamrande og kvinkrande. «Nei no fær eg prøve,» segjer ho
Hulda; «Sjapa er rædd deg.» — «Aa lat ’a staa.» Nei;
Hulda krabbar upp; kulsar og hustrar; fær Døri upp;
«kom no, Bisken!» Sjapa inn som ei Pil, ein Rakett...
Kjeringi aat Sengi att. «Huff! — huh!! Nei, i Dag
fær me liggje yvi!»
Ei Stund etter høyrer me tunge Stig som knakar ut-i
Snøen. Det tek i Døri; han Ola stig inn, kvit av Rim,
med Isjoklar i Skjegge. «Goddag,» segjer han; «og
gledeleg Jol.» — «Aa Takk. Deg det same, Ola.»
— «Naa; de er i Live, ser eg?» — «Aa, so vidt.» — «Ja
det er kaldvori i Dag.» — «Varmt er det ikkje!» — «Nei;
det er kje det. Det er ... reint... ein stygg Kalde i
Dag, ja. Og so tenkte eg, eg skulde sjaa hit... um det
kunde vera noko travalegt kanskje aa faa det varmt
for Dykk i Dag.» — «Ja vil du gjera Varme upp aat
oss, Ola, so skal du ha Takk!» — «Aa ja; du veit det
68
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>