Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
lyt feil’ bli ei Raad med det, sj’u!» Han Ola gjer upp
Varme; me ligg og ser paa. So ber han inn Fangan
etter Fangan med Ved, klinkande Bjørk, og legg paa
Elden; sistpaa er det eit stort, brakande Baal som ein
kunde brenne ein Fritenkjar paa. Og so gjeng han. «De
fær berre liva so væl no daa,» segjer han.
Ei Stund etter er det so vidt at me vaagar oss upp.
Alt som finst i Hytta er frosi, Vatne i Bytta, Mjølki i
Fate; Vindauga er berre Is; Dagsljose vinn seg kje
inn; me kveikjer Lampa. Etter Kaffien tuller me oss
inn det beste me kann og sét oss til aa spéla 101; men
me maa slutte att; me frys so paa Føtane.
Det er elles ikkje kaldt enno; ut mot Vaaren er det
verre, segjer Folk. Daa skal det vera harskt her süme
Tidir. No klarar me oss til vanlegt godt. Han Ola hev
vori snild og laant oss Komfyren sin; og endaa denne
Komfyren ikkje er stort større enn eit Strykejarn, so
gjer han god Nytte saman med Peis-Elden.
Nei; det er ikkje kaldt. Sjølve Bekken held seg opin;
det er elles Uppkomevatn. Undrast paa kva Byfolk
vilde gjeva meg for den Bekken, naar Vatsrøyrar og
Kranar frys for dei der inne, og dei gjeng og steller
og tiner og smaabannar og ikkje kann faa Vatn til
Morgonkaffien ? — Men no kann dei hava det so godt.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>