Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
berre so vidt eg fær Stundir aa skrive jamvel til deg.1
–Var det kje det eg sa! Der er Soli. Stor og
bleik kavar ho seg fram gjenom Graaleiken med døyvd
Glans; og der! — der er alt det fyrste Stykke blaa
Himil.
Aa ja; me likar oss best naar det lettar upp, veit du.
Daa er det Luft daa, tindrande rein, klingrande
frost-klaar; og Soli bryt Ljose sitt gjenom dette Krystalhave
i alle dei endelaust skiftande Litir fraa døyvt
morgon-blaatt til um Kvelden gloende raudt.
Ja; for her ved Savalen h e v me Sol. Ned i Dalen,
ei halv Mil herifraa, er det heile seks Vikur dei ikkje
ser ho; men her er det anna Slag; her er ho jamvel
uppe tvo Gongir um Dagen.
Og det fær ho Stunder til, endaa ho held baade sein
Morgon og tidleg Kveld. So sein Morgon held ho, at no
i Joletidir hev jamvel eg stundom vori uppe fyri henne.
Det er berre eit Par Dagar sidan eg var uppe um
Morgonen og saag etter Soli, men fann ikkje anna enn ein
ut-rangla Morgonmaane, som var kje stort likare enn
ein vanleg Kristianiamaane 8181 SJclcl til. Ja og so den
høge graae Morgonlufti daa, med her og der ei
sloknande Stjerne.
Ein maa gjeva Töl ut til Klokka tie eller so, vil ein
sjaa Soli paa Kolbotnen. Daa tek det til aa kveikje seg
att-i Aaskanten burtum Sjøen ut-imot Trona; fin ljos
Morgonrode ligg og gløder og gløder mot skir, blaa Snø,
til dess det kveikjer seg upp i bleik Gullglans og
straa-lar fram yvi Himilen og ut gjenom Verdi at no er det
1 Her stend det i Kanten med Blyant.
«Aa jau; du maa tru han hev det stridt! Er det kje rart
med denne Mannen: han kann elles vera for det han er; men
berre han fær Penn i Handa, so er det kje eit sant Ord i han.
H.y
(Merknad av Setjaren.)
70
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>