Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Stoga ut som ei Pakkbu. Det myrknar; me fær Lampa
upp og kveikjer Ljos. Han Ola steller med Varmen. Det
vil berre slokne for han; og kvar Gong det kjem eit
Vindkast slær Røyken inn. Døri maa upp rett som det
er; heile Vinteren inn; — «frisk Luft kann me daa hava
her!» — Endeleg er Kaffien ferdug. Me stend i
Pel-sarne vaare og drikk, med blaaraude Hendar, trampande
med Føtane. «Aa ja; men det blir feil’ likare snart.»
— «Ja du kann vita det blir likare.» Han Ola og ho
Anne gjeng; so er me aaleine.
Det vert Kveld. Det meste av Tye vaart stend paa
Auma; me kunde kje faa det med oss i Dag; no vantar
me mange Ting. Men verst er det med Sengklæde; det
som heng att her fraa i Sumar er for lite. «Naa; me
fær brüka Pelsane.» — «Aa ja; me hev alltid Klæde
nok.» Ho Hulda reider upp og fyller Sengi med alle dei
Klædefillur ho kann finne. «Det greider seg nok.» —
«Ja det skal nok greide seg.» — «Og so er me tvo, veit
du!» — Eg ligg burti Gruva og blæs; det kokar og sjoar
i den raae Veden. Og rett som det er slær Røyken inn
og driv meg burt. Me gjeng og steller i full
Vinter-bunad. Sjapa flyg ut og inn og gøyr paa Skogen.
Endeleg kjem me so langt at me kann eta til Kvelds:
kald Nistemat og halvvarm Te. So kryp me ihop ikring
Gruva og drikk Toddy. «Velkomin heim daa, du!» —
«Velkomin heim!» — «Det bli feil’ likare.» — «Aa ja,
du kann vita det blir likare.» — «Me skal nok faa det
koselegt her, naar me fær det i Stand.» — «Ja; me
fær byggje Skorsteinen eit Par Fot høgare, so det blir
meir Drag i han...» — «Og stelle paa Komfyrpipa, so
ho kjem til aa gaa meir rett upp ...» — «Og faa heim
noko Turrved...» — «Aa ja; det skal nok bli bra.»
— «Aa ja daa. Og tenk so godt: aa faa vera so reint
for oss sjølve!» — «Ingin aa bry seg um; ingin som er
77
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>