- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
78

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i Vegen...» — «Aa ja; og so vera tvo um alt!»–

Toddyen vert kald. Me drikk han ut i eit Drag og
krabbar i Seng, halvt paaklædde. «Det er det gode at
me er tvo.» — «Ja.» Me dreg oss tett inntil kvarandre.
— «Det er verst for Sjapa, stakkar.» — «Aa, frys ho,
so hoppar ho upp-i Sengi til oss.» — «Aa ja; so mykje
Vit hev ho vel alltid.»–

— — Det sloknar paa Gruva. Fraa Tak og Veggir
stend det kaldt. Det dreg og det iser; Kaldgufsar stryk

oss yvi Panne og Kinn som Kjæling av daude Hendar.

*



Morgonen etter er det Snøstorm. Det driv gjenom
Skogen som eit graatt Hav; yvi den islagde Sjøen
dansar Snøkvervlar i vintergraa Luft som Skrymt og
skræmde Draugar. Gjenom Lidine yler det og skrik;
Trei svingar seg paa Roti og knarkar og knakar; det
høyrest inn til oss som Havsus og Baarebrak.

Eg ligg i Gruva i tvo Timar og skal faa upp Eld. Det
vert berre Røyk; — upp med Døri. Kjeringi grev seg so
djupt ned i sine Fillur som ho kann. Sjapa flyg att og
fram og dreg paa Sokkar og Sko og slær sund Glas og
Koppar. I Natt hev ho gjort styggt paa Golve; det ligg
Haugar og Klattar etter henne burt-yvi all Stad, frosne
til Is; eg hev baska ho upp for det men er arg enno.
Stundom set ho seg burttil meg ved Gruva og ét paa
Tofline mine. «Aa dra til Helvite, Dyr!» — «Uf nei,
ikkje slaa henne, stakkar,» bed Hulda; «ho er so lita.
Kom hit til meg, Sjapa. Kom, Bisken! Kom no daa,
Stakkaren!» — «Sjapa triltar burt til Sengi, og ho Hulda
tek henne upp til seg. «Ja-ja; det er der Meining i,»
segjer eg og freistar aa vera blid; «Sjapa er god og
varm, ho. Phø—ø, phø—ø, phø—ø, phø—ø ...» — Naa
daa, Sjapen! Skikkeleg no! ikkje eta upp Feiden min!

78

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free