- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
79

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Naadaa! — stygge Dyr! — vekk! — ned med seg! —
Fy!» — Sjapa kjem vaggande hittil meg att og gjev seg
til aa gnaga paa Tofline mine. «Aa dra til–!» —

Endeleg brenn det. Kjeringi ris upp og tek til med
Kaffien, inntulla i Pelsar og Sjal. So held me Dugurd
ved Gruva; ved Borde er det for kaldt.

Eg sveiper ikring meg det store Skjervet mitt og
vaagar meg ut etter Vatn.

*



Me slit oss fram fraa Dag til Dag.

Det snøar og det snøar. Stormen hev slutta og det er
stilt; men det drys og drys med snø so me trur mest
det er Fimbulvinteren.

Me ser ikkje lenger enn nokre Famnar fraa Huse.
Himil er her ikkje; berre eit Hav av graatt som feil, av
Dun som kjem glidande og kvitnande, til dess alt dette
Dune stilt og lett legg seg ned burt-yvi Skoggrunnen
og vert til kvit, blaanande Duk.

Det ser ut som me skal snøe ned her. Fraa Morgon
til Kveld inkje anna enn dette lette, tette, kviskrande
Fall av Snø; Snø so langt me ser; Snø heilt upp til
Himils. Eg sit ved Gruva og ser ut gjenom Glase paa
all denne Snøen som glid og glid i lange Stripur ned
gjenom Lufti og sveiper den svarte Skogen inn som i
ein tett graa Eim; til Slutt innbiller eg meg at eg sit
innunder ein Stein paa Havbotnen, og at dette kvite
som glid og glid, det er eit Net som han Fiskaren der
uppe læt sige og sige... sige og sige... til aa fange
dei Par Fiskane i, som hev gøymt seg burt her ned-i
det stride Sjøgrase.

Snart er alt kvitt. Alle Tuvor er gøymde under
alne-djup Snø; alle Steinar er burtkomne, alle Aastoppar
yvibreidde; me kjenner kje Lande att. Furutrei hev

79

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free