Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vori lettlynd og haldi seg med andre enn ho skulde,
meiner han Ivar; og han Per, Bror hans, Bergmannen,
er vitskapleg og segjer at ho hev for fint Skinn; og so
er det Øyro som er for lange. Men at ho er Finn vil
du forstaa, naar du ein Gong ser ho i Snøfonni. Det er
der ho er heime, liksom Fisken i Vatne. Naar me er i
Skogen paa Skier, innbundne i Raggsokkar og Vettir og
Finnsko og Sjal og Skjerv so me mest sveittar i
Snø-glimen, — so kann du tru ho er med! Ho ligg og velt
kring Føtane vaare so me kann lite koma fram; sit
attanpaa Skierne eller er i Vegen framme; men ser ho
ei Fonn so er ho kje sein: hiver seg ut; dukkar under
so ho kjem mest burt; pustar og blæs; ror seg fram,
bykser seg fram i smaae, lystige Ekornhopp, so ein ser
berre den digre Baken dukkande upp og ned, skiftevis
med den vesle Nakken. Det er Bad for henne dette,
visst; uppatt kjem ho kvit som ei Drive. Og Augo
straa-lar som Demantar, og Nakken reiser seg stolt; paa
kvar Tuve og Stein flyg ho upp og held Vakt; for her, i
Skogen, forstend ho at det er ho som hev Andsvare.
«
Ja; eg er kry no, Far; det er sant det. Tenk Gard og
Kjering og Bikkje og alt; Bikkja til aa smeikje naar eg
er blid, og Kjeringi til aa gryle paa naar eg er grettin;1
kva kann ein gamall Syndar og Bohéme ynskje seg meir
i denne Verdi?
Det er berre e i n Ting eg saknar, og det er ein Hest.
Ein litin rund, ørende litin blakk Fjordhest. Ja og so ei
Ku eller tvo, so Kjeringi kunde hava Mjølk til Huse; og
eit Par Geitar kannhende; og Høns! — og Sauir...
Men ikkje Kaninar.
1 Blyantsmerknad: «O, de Mænd! H.*
(Set jaren.)
6 — Garborg VIII.
85
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>