- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
92

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Rart med denne Vintervegen; han gjeng paa so reint
ukjende Leidir, tykkjer eg. Og no, daa det er myrkt,
ser eg korkje Trona eller anna som kunde vera til
Rett-leiding. Alt er framandt og rart. Her bér det svært
underlegt i Veg; beint i Sør; upp-yvi eit Bakkedrag
eg aldri hev visst um; men halde Vegen lyt eg i det
lengste.

Myrkare og myrkare. Men som ei liti brungul Stripe
burtigjenom Snøfonni skimtar eg Vegen enno ...
styk-kjomtil. Det er daa som baade hin og den at det ikkje
kann klaarne upp. Kaldt hev det vorti; men klaart...
naah; noko skal det vera.

Eg er komin inn paa ei vid kvit Flate; det maa vera
eit Vatn. Men det skulde ikkje vera noko Vatn her;
kann det vera rett, dette?

No vert Vegen burte reint. Um eg ser og stirer aldri
so vel... ikkje Skuggen av Veg; ikkje den grannaste
Tanke. Svært so braadt det vart myrkt daa! — Aa, no
forstend eg: det kjem Snø. Ja det er greidt. Eit Grand
Snøtjukne kunde kje gjera vondt no ... Ja-ja; so fær
eg lite paa Føtane.

Dersom eg endaa var viss um Leidi! Skal eg upp
Skare i Vest ? Eller Skare i Nordvest ? Og naar alt kjem
ihop: er det Vest burt-yvi der? Kanskje er det Nord?
— Det eg kallar Nordvest vart daa Nordaust. Og so
dette Vatne som eg aldri hev visst um ...

— Naa? — Aa haä. Midt i Snøfonni. Attende att.
Det er so vidt eg kann timja mine eigne bjørnevide
Raggsokkefar; dei freistar eg aa fylgje. So gjeng det
lettare au. Pst! — er kje dette Vegen? — Jau
Gudskjelov. Her er Snøen fast.

Aa det er ikkje faarlegt. Berre agte paa naar eg kjem
ut av Vegen, og so fylgje sine eigne Far attende; ingi
Naud, ingi Naud ...

92

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free