- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
93

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ei Stund etter er eg ute av Vegen paa nytt Lag. Eg
fylgjer mine Fotefar attende, men kann ikkje skilja deim
klaart; rett som det er hev eg misst deim. Naa; pytt;
Vegen maa vera her burte.

Eg gjeng heile Flata burt-yvi, men finn ingin Veg.
Heile Flata attende att; Vegen er som burtblaasin. Fær
freiste Snøfonni att daa. Ein kann det ein maa kunna;
godt at det er so stilt Ver. Det er visst upp Skare i
Nordvest eg skal; og so vinglar eg vel innpaa Vegen att,
naar eg kjem eit Stykke burti. Berre ikkje rædd! Berre
Hovude klaart... og so ande økonomisk ... eg greider
det nok ...

Um ei Stund gjeng Snøen meg til Mjødmine.

Aa nei; best aa finne Vegen med same. Det er
Upp-hald att, og ljosare liksom; og Vegen maa vera her
einkvar Stad; det veit eg. Gjeng attende att; tvert-yvi den
vide Flata ... pst! — stopp! — Jau; dette maa vera
Vegen. Kjenne seg vel fyri no; med Skistaven og med
Føtane; gaa smaatt; berre ikkje haste ...

Jøss; det gjeng som smurt! — enno hev eg Vegen.
No er eg ferdug med dette rare Vatne; no skal du sjaa
det vert greidare. Paa eit Vatn er det ikkje lett aa
kjenne seg fram; Snøen er ikkje so djup der; men no —;
berre eg kunde faa ein Stubb klaar Himil no; berre ein
litin Bite; so mykje som eit Ark Papir....

Aa det kann vera sliks Slag. No kjenner eg meg att;
upp den vesle Bakken skal eg; og naar eg kjem vel
upp-yvi den, so hev eg Skiene. Daa kann eg gaa kvar
eg vil, um det er aldri so djupt. Bæ! Du fær meg kje
denne Gongen!

Berre eg var kvitt denne Skreppa. Puh! — eg er i
Grunnen trøytt. Ho er tung, Trolle. Fælt tung. Men
alt fær vera vel, berre eg i dette Myrkre kann finne
att Skiene.

93

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free